Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Planlegginga til Trident Juncture er i full gang

Hausten 2018 vert det arrangert ein stor NATO-øving i Noreg. Heile 35 000 soldatar frå alle forsvarsgreiner og frå inntil 30 nasjonar vil delta. Forsvarsbygg er òg med.

Planlegginga er allereie i full gong og vil omfatta lokasjoner, personell og leira over store delar av landet. Forsvarsbygg skal støtte Forsvaret i krise, beredskap og krig, og difor er denne øvinga viktig.

Mange brikker

TJ18 vert ein omfattande NATO-øving der alle militære flyplassar vil nyttast, så langt nord som Bardufoss. Alle militære leire i østlandsområdet og midt-Noreg vil òg nyttast, og dessutan dei fleste militære kaianlegg frå Haakonsvern til Ramsund. På alle desse stadane er det oppgåva til Forsvarsbygg å sørgja for at soldatane våre og allierte har det dei treng for å kunna gjera jobben sin. Det er eit stort og viktig oppdrag, som krev grundig førebuing.

Alt skal fungera heile døgnet

Alle rørde eigedomar, bygg, anlegg, skytefelt og infrastruktur skal driftast og fungera under øvinga. 24 timar i døgnet. Korkje fjellanlegg eller flyplassar kan fungera viss ikkje Forsvarsbygg gjer jobben sin.

For å gjennomføra øvinga er det òg behov for oppgraderingar innan infrastrukturen som skal nyttast eller stø opp om øvinga, og i dette arbeidet bistår Forsvarsbygg med råd, rettleiing og prosjektkompetanse.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.