Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Vi er blant Noregs 50 mest attraktive arbeidsgivare

Vi held stand på 44. plass i ei kåring over Noregs mest attraktive arbeidsgivare blant yrkesaktive med høgare utdanning.

Kåringa er utført av Universum, som kvart år avdekk Noregs mest attraktive arbeidsgivare og arbeidspreferansane blant yrkesaktive med høgare utdanning. I år har om lag 11 000 yrkesaktive, med i snitt 5-6 års arbeidserfaring, sagt si meining.

–Vi er fornøgde med å holde plasseringa frå fjoråret. Det er gledeleg at så mange yrkesaktive ser Forsvarsbygg som ein spennande arbeidsplass, seier Borgar Aasgaard Kristinsson, HR-rådgevar rekruttering i Forsvarsbygg.

Forbind Forsvarsbygg med eit godt arbeidsmiljø
Ingeniørane som ønskjer å jobbe hos oss assosierer verksemda vår med eit godt arbeidsmiljø og ein kultur der ein respekterer kvarandre. Om lag 70 prosent forbind Forsvarsbygg med samfunnsansvar.

På topp 2 i Gjøvik
Forsvarsbygg er på topp 2 blant dei som har studert ved NTNU Gjøvik.

-Vi har over fleire år samarbeida med NTNU Gjøvik. Det er derfor ekstra hyggeleg at vi gjer det så godt hos tidligare studentar herfrå. Innlandet er også ein region der Forsvaret og Forsvarsbygg er godt synlege, seier Kristinsson. 

Vi gjer det også godt blant tidligere studentar frå Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Stord/Haugesund, der vi kjem på henholdsvis 17. og 18. plass.

Like populær blant begge kjønn
Både kvinner og menn ønskjer å jobbe hos Forsvarsbygg. Rangeringa er nesten heilt lik blant dei to kjønna, sjølv om vi er ørelitte meir populære blant kvinnene. Hos kvinnene er vi på ein 42.plass, mens vi blant menn kjem på ein 44. plass. 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.