Luftvingsjef, oberst Stig Jonny Haugen i Sørreisa skrøyt uhemma av den nye befalsforlegninga som Forsvarsbygg i 2015 satte opp midt i Sørreisa sentrum.
Den nye befalsforlegninga til Forsvarsbygg vart teken i bruk i februar. Oberst Stig Jonny Haugen understreka under markeringa at dette var ein milepæl for CRC i Sørreisa.
- Medarbeidarana mine og meg sjølv står stolte og skodar over Forsvaret sitt flottaste og mest moderne kvarter, Dette er ein viktig milepæl for CCR i Sørreisa, og den oppbygginga og utvidinga av ansvar som vi er i gang med, sa Haugen.
Han la også vekt på at dette butilbodet er viktig for den vidare rekrutteringa på både kort og lang sikt.
-Genistrek
Eigedomssjef i Forsvarsbygg, Arild Øvergaard, viste fornøgd fram dei nye leilegheitene og hyblane som Forsvaret no leiger hjå Forsvarsbygg.
- Desse 46 nye og moderne bueiningane i Sørreisa, viser at Forsvaret er villig til å investere for at personellet deira skal ha gode bu- og arbeidsforhold. Og vi som utleigar skal sjå til at dette fungerer godt, sa Øvergaard.
- Eg er samd i at det var ein genistrek å leggje bustadene i sentrum av Sørreisa, og ikkje oppi Gumpen. Vi håpar at bebuarane vil trivst og ser gjerne at dei deltek i aktivitetane i kommuen, sa rådmann Ann Kristin Trondsen.
Fakta Sørreisa befalsforlegning: