Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg effektiviserte for millionar

Modernisering og effektivisering pregar forsvarssektoren. Det handlar om å få mest mogleg forsvar ut av kvar budsjettkrone, og Forsvarsbygg speler ei viktig rolle.

I 2015 har Forsvarsbygg vore oppteken av å redusere dei interne kostnadene, for å bidra til kostnadsinnsparing og frigjere meir ressursar til Forsvaret si operative evne. Blant anna er eit større arbeid med å identifisere interne og eksterne tidstjuvar gjennomført, og fleire tiltak er sett i gang som følgje av dette. Eitt av dei er at møtestrukturen i organisasjonen har vorte kritisk gjennomgått med fokus på færre og kortare møte.

Fram mot 2020 skal kostnadene for stab-/støttefunksjonar reduserast med 90 millionar kroner, blant anna som ein konsekvens av avgjerda om at Forsvarsbygg ikkje lenger skal levere reinhaldstenester til Forsvaret. I 2015 vart det gjennomført kutt for 13 millionar kroner. Sidan starten i 2014 har kostnadene totalt vorte kutta med 36,8 millionar kroner.

I 2015 benchmarka Forsvarsbygg leveransane sine innanfor byggherre- og driftsfunksjonen med andre verksemder i Noreg og Norden. Som eit direkte resultat av dette, er ein i gang med å sjå på korleis ein kan jobbe smartare og likare med vedlikehald over heile landet og korleis ein kan effektivisere og betre arbeidet med innkjøp.

Eit større forbetringsprosjekt innanfor økonomimodell, styrande dokument og forsyning vart ferdigstilt i 2015. Også her var målsetnaden å jobbe smartare og meir effektivt.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.