Prosjektet for miljøsanering av skyte- og øvingsfelt (SØF) er delt inn i to ulike fasar.
Fase 1:
Skifte eigedom har fått 93 millionar kroner som skal dekkje kostnadene for 14 skyte- og øvingsfelt. Det dreier seg om rydding av mellom 15 000 og 25 000 kubikk forureina massar, avhengig av oppryddingskriteriet. Felta inneheld mykje myr og torvhaldige massar.
Fase 2:
Det er løyvd 193 millionar kroner som skal dekkje kostnadene til sanering av 10 nye felt. Arbeidet vil innebere oppgraving, bortkøyring og deponering av mellom 1 000 og 30 000 kubikk forureina sand- og jordmassar. Behandling av 6 000 av i alt 14 000 kubikk myrmassar kjem i tillegg til dette.
Prosjektet skal etter planen vere ferdig i løpet av 2018.
Tiltak:
- Forureining og andre spor etter verksemda til Forsvaret skal fjernast, og områda skal førast attende til den stand dei opphavleg var i så langt det er føremålstenleg. Dette inneber mellom anna:
- Fjerning og deponering av masse som inneheld meir tungmetall enn det dei stadsspesifikke akseptkriteria til Statens forureiningstilsyn tillet i jordsmonn.
- Dei fjerna massane vil bli delvis erstatta med ny masse, arronderte i høve til terrenget rundt og revegeterte.
- Riving og opprydding av bygningar og konstruksjonar.
- Bevaring av spor etter byggverk med kulturhistorisk verdi.
Kvar kjem forureininga frå?
Forureininga er hovudsakleg tungmetall så som bly, kopar, sink og antimon frå prosjektil.