Haugtuva i Melbu
Storleik og eigarskap
Feltet er 5 105 dekar stort. Av dette er 145 dekar leigd grunn, medan dei andre 4 960 dekara blir disponerte gjennom servituttar.
Forureining og omfanget av/behovet for rydding
Vi planlegg å fjerne ein del svært ureina massar. Omfanget av saneringa vil kome an på kor vidt det framleis skal vere sivil skytebaneaktivitet der i framtida.
Elles skal målmateriell fjernast, og farlege stillingar og graver skal sikrast.
Framdrift/prosess
Vi gjennomførte utvida prøvetaking på Melbu Haugtuva i juni 2010, og ein førebels tiltaksplan blei utarbeidd i 2011. Det skal etter planen gjerast tiltak på skytebanene i 2015, og høyrings- og søknadsprosessen vil difor starte i 2014.
Publisert: torsdag 24. mars 2011 Sist endret: onsdag 26. juli 2017