Kvenvikmoen skal sanerast
Kvenvikmoen skyte- og øvingsfelt i Alta kommune, Finnmark skal miljøsanerast. Området tilbakeførast til naturen, og blir tryggare og meir tilgjengeleg
Kvenvikmoen var opphavleg eit ammunisjonsdepot for tyskarane under andre verdskrig, og blei seinare bygga ut som skyte- og øvingsfelt av Heimevernet frå begynninga av 1970-åra. Feltet har vært bynytt til øving med handvåpen, handgranatar, panservåpen, og dessutan sprengingsøvingar. Det blei gjennomført miljøtekniske grunnundersøkingar i fleire omgangar, sist i 2016. Det vart avdekka forureina jordmassar med nivå av tungmetallar (bly, kobbar og antimon).
Skytefeltet har eit areal på rundt 12 500 dekar og bestod av 23 forskjellige banar, men ikkje alle har vært i bruk. Miljøprosjektet omfattar sanering av åtte banar. Skytebanane som skal sanerast har eit areal på rundt 23 dekar. Alle installasjonar som blinkar og anna materiell skal fjernast.
Køyrast til deponi
Det skal fjernast forureina massar frå sju av skytebanane. Massane, som utgjer rundt 4 500 kubikkmeter (6 700 tonn), skal lagrast på et mellomlager før dei transporterast vidare med båt til Perpetuum AS sitt deponi i Balsfjord.
Skånsamt arbeid
Alle arbeidane skal utførast skånsamt for å bevare verdifulle naturtypar, og hindre spreiing til vassdrag. Området skal tilbakeførast til naturen. Det vil også vere anleggs- og tungtransport på veiane under arbeidet. Denne trafikken vil i hovudsak skje på dagtid på kvardagar. Av omsyn til framdrift kan det også bli arbeid på kveldar og i helger, men det prøver vi å unngå så langt det lar seg gjere.
Sikkerheit i anleggsperioden
Det vil være sperringar ved anleggsområdane og skilt ved innfartsvegane til området. I samband med transport og flytting av maskinar og utstyr, og transportering av forureina jordmasser vil all tungtransport bli varsla med følgjebil. Arbeida er forventa gjort ferdig i oktober 2017. Skytefeltet skal etter saneringa tilbakeførast til grunneiar, Finnmarkseigendomen (FEFO).
Publisert: mandag 21. august 2017 Sist endret: onsdag 6. september 2017