Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Fjerna farleg avfall frå Regimentsmyra

Oppryddingsarbeidet er no ferdig på den sterkt forureina Regimentsmyra, som er Forsvaret si gamle skytebane i Fredrikstad. I dette arbeidet inngjekk fjerninga av 2 000 tonn farleg avfall som mellom anna inneheldt bly.

Skytebanene på Regimentsmyra omfattar fire baneområde, eit område med to korthaldsbaner for pistol, ei 100-metersbane for gevær, ei handgranatbane og eit område som er brukt til leirdueskyting. Arbeidet med å sanere banene blei sluttført i juli 2012.

Desse tiltaka er gjennomførte:

  • Sandmassar frå deknings- og kulefangarvollane er leverte til eit godkjent avfallsmottak. Områda der ein har grave av masse er arronderte og tildekte
  • Alt av blyhagl og prosjektilrestar er fjerna frå svaberget bak kulefangarvollen
  • Bygningar og faste konstruksjonar som ikkje var bevaringsverdige, er rivne
  • Ein bekk er lagd i tett røyr, slik at reint vatn blir ført forbi skytebaneområdet. Sigevatn frå området blir leidd til kontrollkummar
  • Sluttprøver vart tatt for å dokumentere saneringa

Inga endring av bruken – framleis friluftsliv og skytebaner
Området Regimentsmyra er eit populært turområde i Fredrikstad aust. I dag ligg det eit svært attraktivt bustadfelt utanfor nordenden av tomta. Der er òg noko jordbruk og skytebaner.

Fredrikstad kommune har overteke området, og planlegg no å bruke det til tur- og rekreasjonsområde, og som skytebane for blyfri ammunisjon.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.