Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ringerike skyte- og øvingsfelt rydda

Ringerike skyte- og øvingsfelt ligg ved Eggemoen Leir i Buskerud. Bygginga av skytefeltet starta opp i 1995, men ikkje alle skytebanane det var planar om å byggje på feltet, vart ferdigstilte.

Feltet, som vart nytta av Forsvaret fram til 2005, består i dag av to handvåpenskytebanar og eit nyleg oppført administrasjons-, undervisings- og verkstadbygg. I dag brukar mellom andre Heimevernet, politiet og sivile skyttarlag banane.

Skyte- og øvingsfeltet er 8 140 dekar stort. Heile feltet blei selt til Direktoratet for naturforvaltning (DN) i 2007. Delar av skytebaneanlegget skal vidareførast som eit sivilt anlegg.

Forureining og omfanget av/behovet for rydding
Stripeskytebanen er den einaste som ikkje skal vidareførast, og som skal ryddast heilt. Forsvarsbygg skal òg gjere nokre mindre tiltak på to andre område. Det er prosjektert fjerning av kring 500 kubikkmeter jord.

Miljøkartlegginga har funne høge verdiar av bly, kopar og antimon fleire stader, særleg i vollar og andre innskotsområde. Det samla arealet er 1 941 kvadratmeter, men sidan dei fleste skytebanene skal vidareførast, vil det berre vere tale om små tiltak her.

Framdrift/prosess
Arbeidet med å rydda banen blei sluttført sommaren 2011. Grunnen skal overvakast fram til 2014 for å slå fast at tiltaket har hatt den ønska effekten.

 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.