Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Slik jobbar vi med miljø

Vi har eit mål om at det ikkje skal finnast forureining på eigedomane vi avhendar. Dersom vi finn forureining, ryddar vi opp føl vi sel.

Miljøkartlegging

Dette er tøffe forpliktingar som vi tek på alvor. Difor kartlegg vi miljø og mogleg forureining for kvar einskild eigedom som skal avhendast. Miljøkartlegginga omfattar:

  • Opplysningar om tidlegare aktivitetar i området (t.d. verkstadverksemd)
  • Synfaring av eigedomen
  • Registrering av grenseflatene (t.d. naboforhold)
  • Miljøundersøkingar (prøvetaking med analyse)

Resultata frå denne kartlegginga dannar grunnlaget for eventuelle vidare tiltak.

Tiltaksplan og søknad om tiltak

Dersom vi finn forureina masser, utarbeider vi ein detaljert plan for korleis dei skal fjernast og deponerast. Planen må godkjennast av forureiningsstyresmaktene før arbeidet kan starte.

Sluttrapport

Etter at oppryddinga er ferdig, utarbeider vi ein sluttrapport som blir overlevert til forureiningsstyresmaktene. I mange tilfelle gjer vi målingar i ettertid for å slå fast at tiltaket har hatt den ynskte effekten. Ei slik oppfølging strekkjer seg gjerne over ein periode på 2–5 år.

Kontaktperson:

Torbjørn Henriksen

Prosjektsjef

Image "torbjorn-henriksen-2.jpg" without description

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.