Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Støymålingar og flygemønster frå januar til mai 2021

Dei faste målestasjonane syner framleis godt samsvar mellom målingar og berekningar. 

Saman med måling av støy dokumenterast det om flya svingar eller går rett fram etter avgang. I perioden har det vore om lag 600 avgangar med F35. I grunnlaget for berekninga ligg det inn totalt 6330 avgangar med
jagerfly i året. Det vil seie at flyaktiviteten ligg langt under det som er lagt inn i grunnlaget for støysonekartene over året, under 25%.
Registreringa av flygetrasé gjerast av flystasjonen. I perioden har om lag 70 % av avgangane blitt gjort med sving mot vest. Andel avganger rett fram er generelt høgare i vinter halvåret grunna flyging i mørkret.
Det vil alltid vere avgangar uten sving på grunn av flytrygging. Det gjeld mellom anna i mørkret, dårlig ver og ved andre tilhøve.'

Resultata syner at det for det faste målepunktet Kleivhaugen er godt samsvar, men at det i perioden er registrert generelt lågare lydnivå ved avgangar rett fram. For målepunktet i Breidablikkveien 32 er det godt samsvar ved avganger nordover.
Avgangar rett fram gir høgare lydnivå enn ved sving, som forventa. Ved avgangar mot sør syner denne målaren noko over beregna nivå. Denne trenden har vi og sett tidligare.
Ein mulig årsak er at ved avgang mot sør er dominerande vindretning mot målepunktet. 
For målepunktene i Flatnesveien 75 og Skoleveien 40 ser vi den same trenden, med at det er målt noko høgare avgangstøy bak flya ved oppstart (avgang nordover) med naturleg lågare verdier grunna avstand. Støyen frå
oppstart er lågere enn støyen fra sjølve avgangen. Ved avgang sørover syner måleresultata godt samsvar, og som venta er det høgare lydnivå ved avgang rett fram over Flatnesveien 79. For Skoleveien 40 er det liten skilnad om det flys sving eller ikkje. Målepunktet på Uthaughaugen syner godt
samsvar ved avgang nordover, og relativt lite skilnad om det flys sving eller ikkje etter avgang. Ved avgang sørover ligg resultata noko over beregningane, som er den samme trenden som er sett i de andre
målepunkta.

Generelt så viser måleresultata godt samsvar med beregningane.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.