Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Reguleringsplan for Mjølfjell og Branset skyte- og øvingsfelt

På oppdrag frå Forsvarsdepartementet skal Forsvarsbygg leie arbeidet med å sikre rammevilkår for prioriterte skyte- og øvingsfelt. Arbeidet vil skje i løpet av dei nærmaste åra for dei skytefelta som er prioriterte for modernisering og fornying.

Reguleringsplan og utsleppsløyve er dei beste ver-kemidla for å sikre rammevilkåra. Regule-ringsplanen blir vedteke av kommunane, medan det er Miljødirektoratet som er styresmakt for utsleppsløyver.

Samarbeid med råka kommunar
I samråd med Voss og Aurland kommunar er det sett i gang prosess med utarbeiding av regulerings-plan etter vilkåra i plan- og bygningslova for Mjølfjell/Brandset skyte- og øvingsfelt. Planen blir utarbeidd som områdereguleringsplan, der interes-sene til Forsvaret vil vere hovudføremålet. Planen skal elles ta vare på miljø- og samfunnsomsyn så langt dette er sameineleg med bruken til Forsvaret.

Etter innspel frå kommunane må ein i planen særleg drøfte følgjande planspørsmål:
• Villrein i Nordfjella
• Naturvernområde i feltareala i Aurland
• Sivil bruk av skytefeltareala

I tillegg kan trasèalternativ for ny E16 ha grensesnitt mot planarbeidet.

Forsvarsbygg gjer ei kartlegging av alle skytefelt når det gjeld biologisk mangfald, kulturminne og kulturlandskap, vass- og grunnforureining og støyvurderingar. Dette blir også ein del av plangrunnlaget i reguleringsarbeidet på Mjøl-fjell/Brandset.
Eventuelle planløysingar for desse spørsmåla vil bli tekne inn i framlegget til reguleringsplan.

Eksisterande verksemd vil bli vidareført
På Mjølfjell/Brandset har verksemda til Forsvaret vore i gang over ein lang tidsperiode og er alt heimla gjennom avtalar med grunneigarar og rettshavarar. Forsvarsbygg vil kvalitetssikre gjeldande avtalar som eit ledd i arbeidet med rammevilkår.

Feltet er også bandlagt til Forsvaret i arealdelen i kommuneplanen. Ein reguleringsplan er ei ytterlegare formalisering av verksemda. Sjølv om det no blir laga ein reguleringsplan for feltet, ligg det i dag ikkje føre nokre avgjerder om at omfang eller type verksemd skal endre seg monaleg i åra som kjem.

Modernisering av banar og anlegg
For å løyse behova til Forsvaret er det planar for modernisering av somme baneanlegg. Tiltaka er framleis under planlegging, men vil truleg kome til å omfatte fornying av basisskytefelt og feltbane i Brandsetdalen, samt teknisk infrastruktur. I tillegg til å gje rammer for den ålmenne arealdisponeringa i feltet, vil reguleringsplanen også ha vilkår og vedtak for framtidig utvikling av denne typen banar og anlegg.

Planprosess og medverknad
Forsvarsbygg oppmodar no alle som ønskjer det, om å kome med innspel i samband med oppstart av planarbeidet. Kunngjeringa av planoppstart blir gjort i lokalaviser og på heimesidene til kommuna-ne. Forsvarsbygg utarbeider deretter framlegg til reguleringsplan.

Planframlegget blir sendt over til kommunane i løpet av 2014 for vidare handsaming, inkludert høyring og offentleg ettersyn. Der vil det på nytt bli høve til å medverke i prosessen. Forsvarsbygg tek sikte på å halde informasjonsmøte undervegs i prosessen.

Endeleg vedtak av planen skal gjerast av kommunestyra i Voss og Aurland.

Kontaktperson:
Forsvarsbygg, v/Are Vestli, telefon 992 41 748.

Foto over:  
Forsvarsbygg startar arbeidet med å sikre rammevikåra for Forsvaret sin bruk av Mjølfjell og Brandset skyte- og øvingsfelt. Miljø- og samfunnsomsyn er ein viktig del av oppgåva. Biletet er frå ei vinterøving på Mjølfjell i 2000. Foto: Thorbjørn Kjosvold, Forsvaret.

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.