Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Arbeid med støytiltak snart i gang

Forsvarsbygg inngikk i førre veke avtale med Byggmester Strand for støytiltak på bustadar. Arbeidet med støytiltaka tek til i slutten av året.

Forsvarsbygg har inngått kontrakt med Sandefjord-verksemda Byggmester Strand, for arbeidet med støyreduserende tiltak på dei 18 første bustadane i området omkring flystasjonen på Ørland. Entreprenøren har røyndom frå tilsvarande oppdrag.

Fleire hundre bustadar i området kring Ørland flystasjon vil få støyreduserende tiltak på sine bustadar som følge av utbygginga av basen for de nye F-35-kampflyene. Kva for bustadar som får tiltak er omtalt i reguleringsfråsegnene, og avgjerast etter synfaringar og beregningar gjennomført av Multiconsult på vegne av Forsvarsbygg.

- Med nært føreståande oppstart, er vi i rute for å rekke fristen i reguleringsfråsegnene for fullføring av støytiltak, som er ved utgangen av 2019, seier Olaf Dobloug, direktør i Forsvarsbygg kampflybase.

Det vil komme fleire tilbodskonkurransar for støytiltak. Så langt har omlag 240 bustadar hatt synfaring, og dei vil halde fram i 2016, 2017 og 2018.

Billetet: Grunnervervar Sturla Johnsen frå Forsvarsbygg (t.v.) underteikna kontrakten med entreprenøren, representert av dagleg leiar Tore Strand.

Les meir om støytiltak på Ørland her.

Ørlandet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.