Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Radon i forsvarsbustader

Radonkartlegginga til Forsvarsbygg av forsvarssektoren sine bygg går mot slutten. Trass i omfattande tiltak ser det ut til at vi i somme forsvarsbustader ikkje vil greie å få radonnivået under maksimumsgrensa til Statens strålevern, og kan bli nøydd til å seie opp leigetilhøvet.

Radonkartlegginga til Forsvarsbygg i perioden 2012-2016 har vist at totalt 510 av 1500 bustader og forlegningar har hatt behov for vurderingar og radonreduserande tiltak. Etter at Forsvarsbygg har gjennomført vurderingar, radonreduserande tiltak og nye kontrollmålingar gjenstår det å friskmelde 183 bustader og forlegningar. 152 av desse er i Nord-Noreg, og hovudsakleg ved Setermoen og Bardufoss leir.

Kan måtte flytte
– Forsvaret kan vere trygge på at vi tek radon svært alvorleg. Vi følgjer tilrådingane frå Statens strålevern, og gjennomfører radonreduserande tiltak i bygg der det er funne for høge radonverdiar, seier Arild Øvergaard, eigedomssjef i Forsvarsbygg.

– I somme bustader ser det ut til at vi trass i omfattande tiltak ikkje vil greie å få radonnivået under maksimumsgrensa til Statens strålevern, og at vi difor blir nøydde til å seie opp leigetilhøvet. Grunnen til dette er at vi ikkje kan leige ut bustader som ikkje tilfredsstillar styresmaktskravet til radon, og skyldast ikkje at vi no reknar det som nokon større risiko å bu i bustaden.

Forsvarsbygg vil informere bebuarar dette gjeld i god tid i forkant av ei eventuell oppseiing, og er i gang med å finne erstatningsbustader til desse. Siste frist for oppseiing av leigetakarar i bustader med radonverdiar over grenseverdien er 1. mai, med fråflytting seinast 1. september. Bebuarar som må flytte vil få flyttekostnadene dekte av Forsvarsbygg.

Endelege resultat ikkje klare
Forsvarsbygg ventarno påresultata som vil vise om dei siste radonreduserande tiltaka har hatt ønskt effekt. Desse vil vere inne i april.

– Om nokon har spørsmål om radon og busituasjonen sin er det berre å ta kontakt med Forsvarsbygg. I bygga med dei høgaste verdiane har vi lagt ut digitale radonmålarar, som gjev oss løpande oversikt over radonnivået. Bebuarane får også informasjon om korleis dei sjølv kan bidra til å redusere radonnivået i bustaden, seier Øvergaard.

Forsvarsbygg har sidan 2012 jobba kontinuerleg med å utføre radonreduserande tiltak og kontrollmålingar, men prosessen for å friskmelde eit bygg tek tid. Radonmålingar skal gjerast over ein periode på to månader i vinterhalvåret, fordi det er på denne tida av året radonkonsentrasjonen er mest stabil. Dette betyr at ein kan vere nøydd til å vente opptil eit halvt år før ein veit om eit tiltak har hatt tilstrekkeleg effekt.

Fakta om prosjektet

  • Forsvarsbygg har kartlagd radonnivået i bygga til forsvarssektoren, der personell oppheld seg i meir enn to timar dagleg. Bakgrunnen for kartlegginga var ny strålevernforskrift med nye grenseverdiar for radon.
  • Dei nye grenseverdiane for radon tok til å gjelde 1. januar 2014. Om ein etter denne datoen ikkje har greidd å få radonnivået under tiltaksgrensa, må ein kunne dokumentere at tiltak er gjennomført eller at prosess er i gang for å setje i verk tiltak.
  • Radon er ein usynleg og luktfri gass som dannast naturleg i berggrunnen, men som ved høg eksponering over lang tid kan utgjere ein helserisiko. Radon gjev frå seg stråling, og kan gje auka risiko for lungekreft ved innpusting. Total helserisiko kjem av summen av opphald i ulike bygningar: Jobb/skole, fritid og privat bustad.
  • Radonkonsentrasjonen i luft blir nemnt med eininga becquerel per kubikkmeter: Bq/m3. Statens strålevern har sett ei tiltaksgrense på 100 Bq/m3, og ein maksimumsgrenseverdi på 200 Bq/m3.
  • Aktuelle tiltak for å redusere radonnivået i eit bygg må vurderast for kvart enkelt bygg, og varierer avhengig av radonnivået. Ved låge nivå kan lufting og tetting av sprekkar i grunnen vere tilstrekkeleg. Radonsug eller –brønn er døme på tiltak Forsvarsbygg har sett i verk i bygg med høgare radonverdiar.

 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.