Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ny rammeavtale knytt til nye ubåtar

Vi planlegg for bygg og infrastruktur til Noregs nye ubåtar. Til saman vert det planlagt investeringar for nærare 2,5 milliardar kroner på Sjøforsvarets si hovudbase på Haakonsvern. No er det inngått rammeavtale med arkitekt- og rådgjevargruppe.

Kontrakten er tildelt Multiconsult AS.
– Vi har inngått den første avtala knytte til bygg og infrastruktur for nye ubåtar på Sjøforsvaret si hovudbase på Haakonsvern, seier vår direktør Thorbjørn Thoresen.

Sjøforsvaret si største investering nokon gong
Prosjektet for nye ubåtar har ei kostnadsramme på 42,2 milliardar 2018-kroner og er den største investeringa til Forsvaret etter nye kampfly.
– Vi skal planlegge for gjenbruk og oppgradering av ubåtrelatert infrastruktur på Haakonsvern, i tillegg til prosjektering av ny fasilitet for vedlikehald av dei nye ubåtane. Sjøforsvaret si hovudbase på Haakonsvern skal kunna ta imot og kunne halde ved like dei nye ubåtane når dei vert sett i teneste frå 2026 og utover, seier vår prosjektsjef Ole Jonny Eriksen.

2,5 milliardar kroner
Byggeprosjekta på Haakonsvern vil totalt vera i storleiksorden 2,5 milliardar kroner, og det er ei rammeavtale for prosjektering av dette som no er inngått. Forprosjektet vil vera gjenstand for ekstern kvalitetssikring før dette vert fremja for politisk vedtak, etter planen i 2019 .


For spørsmål, kontakt:
Vår pressevakt på tlf: 47 7777 47 eller epost: pressevakt@forsvarsbygg.no

Fakta:

 

  • Vi skal planlegge infrastrukturen der opplæring, vedlikehald og drift av ubåtane skal skje
  • Tiltak innanfor eigedom, bygg og anlegg som knytt til nye ubåtar, er estimert til 2,5 milliardar kroner
  • Oppdraget er inndelt i tre forprosjekt, kor det første er starta opp.
  • Tidsplanen vil innebera utsending av første entreprise i 2. halvår 2020.
  • Kjøpet av ubåtane er del av eit strategisk samarbeid med Tyskland, som skal skaffa identiske ubåtar
  • Ubåtane skal produserast i Kiel i Tyskland
  • Første ubåt er planlagt sett i teneste i Noreg i 2026
  • Prosjektet bidreg til å sikra Noregs maritime interesser, eigne grenser og dessutan NATO si maritime flanke i nord
  • Dei nye ubåtane skal erstatte dagens Ula-klasse

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.