Bygg og anlegg til nye ubåtar
Bygg og anlegg til nye ubåtar
Vi bygger for å ta imot norske og tyske ubåtar
Haakonsvern blir utvikla som base for ubåttenesta
Noreg og Tyskland har inngått eit strategisk samarbeid om anskaffing, utdanning og trening, og dessutan drift og vedlikehald av nye ubåtar. Ubåtane blir bygde på verftet Thyssenkrupp i Kiel, Tyskland.
Skværvika på Haakonsvern vil tene som base for den norske ubåttenesta. Her skal norske og tyske ubåtar haldast ved like.
Kostnadsestimat
Planlagd satsing på eigedom, bygg og anlegg i samsvar med langtidsplanen til forsvarssektoren ut 2036: 9,6 milliardar kroner (P85).
Område
- Haakonsvern utanfor Bergen
- Ramsund utanfor Harstad, Tjeldsund kommune
Dette bygger vi
- Vedlikehaldsanlegg
- Kaianlegg
- Tilpassing og oppgradering av eksisterande bygg
To delprosjekt
Anskaffinga av dei nye ubåtane er Sjøforsvarets største investering nokosinne. Vi skal bygge vedlikehaldsanlegg med tilhøyrande kaianlegg til undervassbåtane. Oppdraget er delt inn i to delprosjekt.
I tillegg til planlegg vi byggjetiltak for dei nye ubåtane i Ramsund. Desse planlagde investeringane blir varetekne av prosjektet vi har for vidareutvikling av Ramsund orlogsstasjon.
-
Vedlikehaldsfasilitetar for nye ubåtar med tilhøyrande kaianlegg på Haakonsvern
Vi bygger nå to vedlikehaldshallar med tilhøyrande verkstad og lagar, eit administrasjonsbygg med kontor og møterom, kaianlegg og utomhusanlegg.
Kaianlegget inkluderer skipsheis og kaihus for klargjering av ubåtane før tokt.
Utomhusanlegga omfattar transportsystem for ubåtane og nødvendig infrastruktur.Prosjektet blei godkjent i Stortinget 12. juni 2019.
-
Andre tiltak på Haakonsvern
Vi tilpassar og oppgraderer eksisterande bygningsmasse på Haakonsvern.