Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Slik bygde vi forsvarsevne i 2022

—Forsvarsbygg har i 2022 levert effektive og operative eigedomar, bygg og anlegg til Forsvaret og bidratt til bærekraftige og kosteffektive leveransar som understøttar forsvarssektorens behov.  

Dette seier Thorbjørn Thoresen, direktør Forsvarsbygg.

—Eigedom, bygg og anlegg er en av fire innsatsfaktorar for forsvaret av Noreg i fred, krise og krig. Russlands invasjon av Ukraina har gitt varige endringer i situasjonsbildet for norsk sikkerhets- og forsvarspolitikk, og det har blitt klart for alle kor viktig det er at Noreg har eit sterkt forsvar på eiga hand, saman med allierte og i totalforsvaret. Dette bidreg Forsvarsbygg til.

Her kan du lese om noe av det vi gjorde i 2022   

Dei store tala for 2022

Forsvarsbygg forvalta 12 866 bygg og anlegg over heile landet gjennom 1366 årsverk. Det vart investert for om lag 4 milliardar kroner. Vi hadde 356 aktive investeringsprosjekt i ulike fasar, og overleverte 21 byggeprosjekt til Forsvaret gjennom året. Med 4,2 millionar kvadratmeter forvalta bygningsmasse, og en total kostnadsbase på 11,2 milliardar kroner, er Forsvarsbygg den største offentlege eigedomsaktøren i landet.

Selde eigedom for 196 millionar kroner, som forsvarssektoren ikkje lenger har behov for

Forsvarsbygg avhenda totalt 50 449 kvadratmeter gjennom riving, rydding og sal i 2022. Det vart selt forsvarseigedom for 196 millionar kroner. Sidan 2001 har vi avhenda over 3,1 millionar kvadratmeter eigedom, som ikkje lenger er relevant å nytte for Forsvaret. Sal av eigedom har gjort at forsvarssektoren har fått attende rundt 5,8 milliardar kroner netto til høgare prioriterte oppgåver i forsvarsbudsjettet.

Forsvarsbygg bidrog med sin andel av forsvarssektorens effektiviseringsmål

Forsvarssektoren skal modernisere og effektivisere med 2,3 milliardar kroner årleg frå 2024. Vi har satt oss høge ambisjonar for utvikling, modernisering og effektivisering av eiga verksemd for å bidra til at forsvarssektoren når målet. Forsvarsbygg har tilnærma nådd effektiviseringskravet for 2022 og har bidratt med sin andel av effektiviseringsmålet til forsvarssektoren.

2,9 millionar besøkte festningane

2,9 millionar personar besøkte ein av festningane til Forsvarsbygg i 2022. Dette er en økning på 300 000 fra fjoråret og tydar på at festningane er på veg mot et meir normalt besøks- og aktivitetsnivå etter nedgangen i pandemien.

 

Vert for eigne og allierte soldatar

Forsvarsbygg har også gjennom 2022 arbeida med å leggje til rette for alliert mottak- og øvingsverksemd i Noreg, i tråd med samfunnsoppdraget vårt.  Vi får på plass  infrastrukturen våre soldatar og allierte treng for å forsvare Noreg. Til storøvinga Joint Viking 23 vart fleire midlertidige leire, hamnar og flyplassar tatt i bruk. Om lag 10 000 soldatar frå ulike allierte land deltok i denne øvinga.

Kostnadar

Den totale kostnadsbasen til Forsvarsbygg i 2022 var 11,2 milliardar kroner. Vare- og tenestekjøp utgjorde 72 prosent av dette.

Sjå nøkkeltala for 2022

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.