Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Biologisk mangfald

Kartlegging av biologisk mangfald i Forsvarets skyte- og øvingsfelt.

Rapportserien er eit ledd i oppfølginga av Forsvarets sektorhandlingsplan for biologisk mangfald*. Kartlegging av biologisk mangfald blir utført av eksterne konsulentar i Forsvarets øvingsområde etter  Forsvarets kravspesifikasjon for kartlegging av biologisk mangfald, som byggjer på nasjonal metodikk utvikla av Direktoratet for naturforvaltning. I rapportane blir det gitt objektive forvaltningsråd som må etterlevast for at Forsvaret skal oppfylle dei måla som er sette i dei to handlingsplanane nemnde over, som gjeld ivaretaking av biologisk mangfald.

Vår fagavdeling miljø er leiar prosjekta for kartleggingsarbeidet som er eit av delprosjekta i eit totalprosjekt som følgjer opp handlingsplanane. Ta kontakt med oss dersom du treng utfyllande informasjon om forvaltning av kartlagde område. Rapportar blir lagde ut på denne nettstaden så snart dei er ferdigstilte.

* (kap. 5 i Stortingsmelding nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold - sektoransvar og samordning, i tillegg til Forsvarets handlingsplan for miljøvern (2002) - Forsvarets miljøvernarbeid.)

 

REGION NORD

 

REGION MIDT/SØRVEST

 

REGION SØR

Fant du det du lette etter?