Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Fullteikna sikringskonferanse om opne og sikre byrom

Korleis kan vi utvikle opne og sikre rom i byen, spurde vi på årets Sikringskonferanse. Og kva skal den norske metoden vere?

Konferansen vart opna av statssekretær Thor Kleppen Sættem frå Justis- og beredskapsdepartementet. Sættem slo fast at konferansen er landets viktigaste møteplass for alle som arbeider med problemstillingar knytt til vern og sikring av bygg og anlegg.Forsvarsbyggs direktør, Thorbjørn Thoresen viste til den nye tryggingslova under opninga av konferansen.
- Tryggingslova legg vekt på sikring og evne til oppretthalde funksjonar. Etatar og institusjonar som tidlegare ikkje har sett det som naudsynt å tenkje på slike aspekt vil no få eit større ansvar, sa Forsvarsbyggs direktør Thorbjørn Thoresen, då han ønsket velkomen.

Og nett det var òg hovudpoenget til statssekretæren – dreiinga frå einsidig søkjelys på sikring av einskilde bygg til sikring av vitale samfunnsfunksjonar.

På talarlista sto fleire offentlege og private aktørar. Vi fekk mange gode refleksjonar i løpet av dei to dagane og frå dei mange forelesarane frå inn- og utland. Det bør ikkje vere noko skilnad mellom trygge plassar og estetikk, meinte mange av dei. Løysningane derimot, må vi alle ta et ansvar for å utvikle vidare.

Eit godt bybilete er både estetisk vellukka og trygt
Det handlar om å vite kva for truslar vi skal sikre oss mot, velje dei riktige løysingane og ha god dialog med samarbeidspartnarar som er involvert eller råka av prosjektet. 3RW -arkitektar poengterte viktigheita av godt samarbeid mellom aktørane, for å finne dei gode løysingane. Noregs Bank fekk erfare at å tenkje kreativt opna for nye moglegheiter då dei jobba med å sikre områda nær Bankplassen i Oslo sentrum.

Ein av dei store trugsmåla vi har i dag er terroråtak med bruk av køyretøy inn i store folkemengder. Korleis kan vi forsinke ein hending og gjere det enklare å oppdage ei farleg situasjon? Eit døme på slike samfunnsfunksjonar er infrastruktur knytt til samferdsel. Direktør for infrastruktur knytt til Brüssels hovudflyplass, Laurens Hermans og avdelingssjef i Avinor, Jon Ivar Mehus, fortalte om kva for sikringstiltak dei har implementert ved flyplassane. Målsettinga er tryggleik, samstundes som ein ynskjer å unngå å gjere anlegget til ein trugande festning. Hermans påpeka også at vi var heldige her i Noreg kor vi har stor avstand mellom flyplass og by. Avstand i seg sjølve er ein viktig faktor i tryggingsarbeidet.

Mykje merksemd fekk òg Forsvarsbyggs forskings- og utviklingsarbeid, der ein presenterte fleire prosjekt. Mellom anna vart Forsvarsbyggs nye testanlegg for sprengingsforsøk synt fram, og ikkje minst forsøk knytt til innbrot og skisserte mottiltak. Overordna for forskinga som er gjort; korleis kjem vi fram til riktig nivå på tryggingstiltak, til lågast mogleg kostnad.

Dette er 5. året Forsvarsbygg, ved Nasjonalt kompetansesenter for sikring av bygg, arrangerer Sikringskonferansen. Interessa for å delta har vore god heilt frå starten av, og i år var om lag 350 personer påmeldt. Konferansen tek sikte på å vere Noregs største faglege arena på fagfeltet. Innlegga på årets konferanse dreide seg om korleis ein kan sikre gater, byrom og større infrastrukturanlegg mot anslag i skalaen frå kriminell aktivitet til storskala terroranslag.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.