Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Slik skal flystasjonen tryggast

I sommar starta arbeidet med trygginga av Ørland flystasjon, i form av doble gjerdar kring heile basen.

Arbeidet med å skipe ei forsterka trygging av basen er delt i ulike fasar, då den om lag 10 km lange inngjerdinga ikkje kan reisast samstundes. Utan å gå i detalj om dei forsterka tryggingstiltaka som skipast, er det ei kjend sak at det blir doble gjerdar. Kamera og sensorar vert plassert kring heile basen, som ein del av tryggingstiltaka. Bak gjerdene vil det bli skipa ytterlegare tryggingstiltak. Parallelt med - og på innsida av gjerdet skal det gå ein inspeksjonsveg som skal nyttast av personell med særskild ansvar for trygginga av flystasjonen.

- Arbeidet med tryggingstiltaka vil halde fram til våren 2020, seier Jens Levi Moldstad, utbyggingssjef hjå Forsvarsbygg.

Han seier seg samd i at tryggingstiltaka som skal omkranse flystasjonen har eit tydelegare preg enn før, og syner til at nivået på tiltaka er ei direkte følgje av vurderingane Forsvaret har gjort, og at dette har ein klar samanheng med skipinga av kampflybasen.

Se kart

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.