Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvaret får nytt reinseanlegg

Vi skal byggje eit nytt reinseanlegg ved stasjonen til Forsvaret i Gumpen i Sørreisa. 

Arbeida startar opp på nyåret og skal stå ferdige hausten 2019.

Må til for å møta behovet i framtida
- Det gamle reinseanlegget var mode for utskiftning, og med det nye anlegget sikrar det drifta ved stasjonen i Gumpen, fortel vår prosjektleiar Kjell Heitmann.

- For ein stasjon i vekst er det gledeleg at det vert satsa i leiren, og at kapasiteten vert styrkt for å møta behovet i framtida, seier oberst Stig Jonny Haugen.


Kontrakta til lokal aktør
Aktør som bygger AS frå Finnsnes har inngått kontrakt med oss, til ein verdi av vel 7,6 millionar kroner inkludert moms.

Arbeida skal gjennomførast som totalentreprise. I totalentreprisen skal det inngå all prosjektering, alt naudsynt utstyr og arbeid for etablering av det som trengst for oppføring av reinseanlegget. Det gamle vert rive når nytt anlegg står ferdig.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.