Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Støykartlegging

Vi kartlegg støy frå militær aktivitet og utarbeidar støysonekart, som syner støyutsette område.

Støy er uønska eller forstyrrande lyd. Dei kan avleie oppmerksemda vår, og gjere det vanskelig å tyde ønska lyder som til dømes ei samtale eller radiosending. Vi er utsette for støy frå naudsynte aktivitetar som vegtrafikk, flyvningar og konstruksjonsarbeid. Støy er difor ofte uønska lyd fra ønska verksemd.

Vi lagar støysonekart
Det er viktig å førebygga støyplage i befolkninga, samstundes som ikkje Forsvarets øvingsaktivitet vert begrensa. Vi gjer dette ved å kartlegga støy i alle skyte- og øvingsfelta våre. Ein stor del av arbeidet er å kartlegga støyande verksemder og synliggjere støysoner, slik at ein ikkje byggjer bustadar eller sjukehus i støyutsette område.

Vi kartlegg støy i høve til Retningsline for handsaming av støy i samband med arealplanlegging, T-1442. Raude støysoner syner svært støyutsette område kring virksemda, der ein bør unngå etablering av ny støyfølsam bebygging. Gule støysoner syner kor etablering kun bør skje hvis det gjerast støyreduserande tiltak ved bygningene. Raud støysone er altså ei forbudssone, mens gul støysone er ei vurderingssone.

Forsvarsbygg kartlegg støy ved alle skyte- og øvingsfelta sine. Støysonekarta syner den noværande og planlagde aktiviteten ved anlegga. Støysonene er eit verktøy for å hindra at ein økande del av befolkninga busett seg i støybelasta område, og må difor sjåast i samanheng med etablering av ny busetnad.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.