Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Støymålingar og flygetrasear på Ørland frå september til desember 2019

Dei faste målestasjonane viser framleis godt samsvar mellom målingar og utrekningar. I 2019 har totalt 83 % av avgangane blitt gjort med sving mot vest.

I reguleringsavgjerdene for Ørland flystasjon er det sett krav om at resultat av støymålingar og flygetrasear med F-35 skal rapporterast til sivilsamfunnet. Formålet er å sjå om målingane samsvarar med utrekningane, som er grunnlaget for støykartet.

No finst det registreringar for perioden september til desember 2019.

To faste og ein mobil støymålar

Forsvarsbygg har etablert tre støymålarar som kontinuerleg måler lyd frå all flyaktivitet på Ørland. Måleanlegget består av to faste målestasjonar og éin mobil målar. Dei faste målestasjonane på Kleivhaugen (NMT01) og Røyne (NMT02) ligg ut til sida for rullebana inne på Ørland flystasjon. Den mobile målaren er i denne perioden plassert i Rundøra 2 på Uthaug, med hensikt å få måledata ved avgang nordover for områda på Uthaug.

Kart støymålere sept-okt 2019

Kartet viser plassering av dei tre målestasjonane i rapportert måleperiode.

Støymålingar i perioden

Tabellane nedanfor viser målt og berekna gjennomsnitt av alle registrerte lydnivå i dB av flyavgangar med F-35, med standardavvik i parentes.

I rapporteringsperioden har vindretninga vore frå sør, slik at dei aller fleste avgangane er gjort mot sør. Det er berre avgangar med jagarfly som er rapportert, då det er dette som gir dei høgaste lydnivåa. For målepunkta NMT01 og NMT02 er det liten forskjell i lydnivå om flya svingar eller ikkje etter 400 fot.

Målepunkt Avgang med F-35
Berekna (dB) Målt gjennomsnitt (dB)
Kleivhaugen (01) 86,9 – 90,9 90,9  (3,5)
Røyne (02) 88,3 – 93,0 89,8 (4,0)
Rundøra 2 (03) 85,3 – 97,1 83 (6,3)

Tabellen viser utrekningar og måleresultat av maksimale lydnivå for avgang med F-35. Måleresultata er gitt som gjennomsnittsverdiar. Berekna verdiar er gitt som maksimale lydnivå i dB, med og utan bruk av etterbrennar.

Framleis godt samsvar for faste målestasjonar

Resultata viser at for dei faste målestasjonane er det framleis godt samsvar mellom målingar og utrekningar, slik som tidlegare resultat òg har vist. For målepunktet i Rundøra 2 (NMT03) viser gjennomsnittet av målingane lågare målte verdiar enn utrekningane. Ei årsak til lågare gjennomsnittsnivå er at avgangar sørover gir lågare lydnivå på Uthaug enn avgang nordover.

83 prosent med sving mot vest i 2019

Saman med registrering av lydnivå blir det dokumentert om flya svingar eller går rett fram etter avgang. Registrering av flygetrasé blir gjort av flystasjonen. I 2019 har 83 % av avgangane blitt gjort med sving mot vest. Det vil alltid vere avgangar utan sving på grunn av flytrygging. Dette gjeld mellom anna i mørket, dårleg vêr og ved andre forhold.

- Dei siste månadene har vel 80 prosent av flygingane hatt sving mot vest. Dette varierer mellom anna etter vêr og mørkeflyging, men det kan òg tyde på at vi i gjennomsnitt vil liggje omtrent på dette nivået, seier fungerande luftvingsjef Michael Baas Bottenvik-Hartmann.

- Støymålaren på Uthaug viser låge verdiar i perioden. Det kjem av at det nesten heile tida har vore vind i frå sør og svært få avgangar nordover. Vi vil halde fram med å gjere målingar, seier prosjektdirektør Olaf Dobloug.

- Det er svært gledeleg at målingane heile tida viser godt samsvar med utrekningane, seier rådmann Emil Raaen. Støymålingane og loggføring av flygemønsteret er viktig for kommunen og innbyggarane, seier han.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.