Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Myntgata 2 til Oslo kommune

Oslo kommune kjøper Myntgata 2-kvartalet for 338,2 millionar kroner.

– Oslo kommune var den einaste offentlege instansen som melde interesse for eigedommen i samband med den offentlege avklaringsrunden i vinter. Kommunen fekk dermed tilbod om å erverve eigedommen til takst før den blei lagt ut for sal i marknaden, seier prosjektleder Eli Heggelund i Forsvarsbygg Skifte eigedom.

Eigedommen er sentral i kommunens planar for utvikling av Kvadraturen, og for utviklinga av Akershus festning som nasjonalt monument og rekreasjonsområde.

Indrefilet

Den nesten 13 000 kvadratmeter store tomta midt i hjartet av Oslo består av fem bygningar omkring eitt felles gardsrom. Teglsteinsbygningane er opphavleg ført opp som stallar og kaserne for militære avdelingar tilknytt Akershus festning, og utgjer totalt ca. 12 000 kvadratmeter BTA. Alle er ført opp i siste halvdel av 1800-talet med betydeleg ombygging på 1950-talet. Bortsett frå den såkalla «tyskerbrakka» som blei ført opp i 1949, er alle bygningane freda.

Heile kvartalet er regulert til spesialområde med formål bevaring etter plan- og bygningslova.

Til forsvarsbudsjettet

Forsvarsbygg avhender militære eigedommar som er tekne ut av teneste. Avhendinga omfattar alt frå sal til miljøopprydding, tilpassing for sivil bruk og prosessen fram til nye eigarar tek over. Dette tilfører midlar til forsvarsbudsjettet og fritek forsvarssektoren for framtidig drifts- og opprydjingsansvar.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.