Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Godkjenner frådeling av verna våningshus

Fylkesmannen gjev dispensasjon for frådeling av verna våningshus i raud støysone på Ørland. 

I samband med oppdraget om å vidareutvikla Ørland flystasjon skal Forsvarsbygg tilby innløysing av alle bustadar innan raud støysone. Total 176 bustader får tilbod om frivillig innløysing og av desse er 33 grunneigarar med våningshus og eventuelt kårbustad på gardsbruk.

Frådeling av verna våningshus

I forhandlingane som har vore i gang for landbrukseigedomar på Ørland har «frådeling» vore eit tema for diskusjon. I «frådeling» ligg at Forsvarsbygg må eiga grunnen som bustaden står på for å oppnå tilstrekkeleg råderett over bygningen og dermed kunne oppfylla reguleringsplanen for Ørland flystasjon. Dette inneber å frådele våningshuset frå resten av eigedomen.

Frådeling gjeld berre verna våningshus og andre bustader, eksempelvis kårbustader.

Klaga på vedtak om avslag på frådeling

Ørland kommune som planstyresmakt handsamar søknad om frådeling i kvar enkelt sak.
Etter første runde av forhandlingar med grunneigarar på gardsbruk sende vi våren 2018 første søknad om dispensasjon for frådeling til kommunen.

30. august vedtok kommunen å avslå søknaden til Forsvarsbygg. Forsvarsbygg valde å klaga på dette vedtaket til Fylkesmannen.

Innvilgar dispensasjonssøknaden

Fylkesmannen har no handsama klaga og Fylkesmannen har vedteke å gjere om vedtaket til kommunen. Fylkesmannen innvilgar dispensasjonssøknaden på vilkår. Vilkåret er at våningshuset ikkje kan nyttast til bustadsføremål og/eller bebuast.

Positivt med ei avgjerd

- Det er godt at vi no har fått ei avgjerd i saka. Dei som er råka har venta lengje og for dei som har avgjort å selja er avgjerda eit viktig skritt på vegen. Vi håpar på ein god dialog med kommunen i det vidare arbeidet, seier eigedomssjef i Forsvarsbygg kampflybase, Carl Oscar Pedersen.

- Dette er ei endeleg avgjerd på dispensasjonssøknaden jamfør Plan- og bygningsloven (§19-2) som fastslår at dispensasjon kan gjevast. Dette inneber at kommunen må handsama søknaden om frådeling. Kommunen må enno ta stilling til søknaden. Dersom kommunen likevel ikkje, med anna grunngjeving, vil tillata frådeling vil vi ta saka til Fylkesmannen på nytt. Dette vil naturleg nok innebera at saka diverre vil trekkja noko ut i tid, seier han.

Artikkelen er redigert med tilleggsopplysningar om vidare søknadshandsaming.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.