Byggets eksteriør er freda. Taket på bygning 22 er nytt. Gammal takstein, lik det som vart øydelagt i brannen, vart henta og nytta som erstatning.

Atterreisinga av bygning 22 – Festningen restaurant

akershus bygg 22

Bygning 22 - fugl Fønix på Akershus festning

I likskap med fugl Fønix brann det og på same vis har det no gjenoppstått – det vakre bygget som tronar i skråninga på Akershus festning mens det speglar seg i kveldssola.

Opphaveleg vart bygning 22, bygd i 1836, nytta som fengsel for vanskelege fangar frå Slaveriet inne på festningen. Eit halvt sekel seinare var bygget omdisponert til «laboratoriekjøken», før det enda seinare vart utvida med eit nytt byggetrinn og nytta til verkstad. Etter krigen og fram til 2000-talet romma bygget kontorarbeidsplassar for Forsvaret. I 2013 var bygget tatt i bruk som restaurant, og omtrent samstundes vart byggets eksteriør formelt freda. Slik kunde soga om bygget slutta. Inntil brannen i februar 2023.

bygg 22 prosjektleder

Tapt for alltid?

Mange trudde kanskje bygget var tapt for alltid. Interiør og innreiing brann opp og  taket fekk så store skadar at det kollapsa. Forsvarsbyggjarar med spisskompetanse frå arkitektur, kulturminneforvaltning, festningsforvaltning og byggfag har vore involvert i heile prosessen – omtrent frå de var på branntomta samstundes med brannvesenet.

Arbeidet starta med å kartleggje kva som kunde bergast. Det synte seg at det verneverdige eksteriøret, det vil seie fasade og murverk, vart mindre råka. Skadane var heldigvis på eit nivå som gjorde gjenoppbygging mogleg. I samspel med Riksantikvaren tok Forsvarsbygg fatt på oppgåva. Sjølve atterreisinga tok til i fjor sommar, under leiing av prosjektleiar Lise Mari Olsen frå Forsvarsbygg, prosjekt og utvikling. 

Byggets eksteriør er freda. Taket på bygning 22 er nytt. Gammal takstein, lik det som vart øydelagt i brannen, vart henta og nytta som erstatning.

Eit kulturminne av eit bygg

Arbeidet med screeninga, med oppmåling av brende delar og produksjon av beskriving for istandsetting vart utført av avdelinga for kulturminne i Forsvarsbygg, leia av Felix Nyberg. I tillegg er det nytta ekspertise innan miljø, miljøsanering, juss og anskaffingar hjå Forsvarsbygg. Ein kan trygt seie at mange og ulike fagfelt har vore involvert i arbeidet med atterreisinga.

Deler av murveggane som stod igjen måtte demonterast, tømmer til bærande konstruksjonar vart felt etter nøyaktige spesifikasjonar, vindauge, tak, etasjeskilje og murfasadar – alt skulle setjast i stand etter tradisjonelle metodar og i tråd med Riksantikvarens retningsliner.

Bygning 22 er ikkje berre eit bygg, men og eit kulturminne. Oppgåva var å setje opp bygget med tanke på at det skal stå der dei neste 200 åra. Forsvarsbygg ønskjer også at publikum skal kome tilbake og nytte festningen. Det er det perspektivet vi har hatt på oppgåva, seier Lise Mari Olsen.

Når det gjeld interiøret og inventaret i bygget er det leigetakar som har hatt ansvar for oppgåva. Resultatet må seiast å vere særs vellukka. I dag er restauranten som held hus i bygget kome i normal drift igjen, og det som var ei rykande branntomt er igjen eit smykke av eit bygg med utsyn mot hovudstadens innsegling.