Organisasjon og leiing
Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør. Etaten har ansvar for eigedom, bygg og anlegg til forsvarssektoren. Eigedomsporteføljen er fordelt over heile landet. Vi har om lag 2 000 tilsette, og er til stades der Forsvaret er. Hovudkontoret vårt er i Oslo.
Vi bygger forsvarsevne kvar dag.
Leiing
Forsvarsbyggs leiargruppe består av følgjande personar under leiing av direktør Thorbjørn Thoresen.

Camilla Mathiesen
Assisterende direktør


Jan Erik Johansen
Avdelingsdirektør eiendomsforvaltning


Stine Fjærli Sjøthun
Avdelingsdirektør prosjekt og utvikling


Marit Kristiansen
Avdelingsdirektør anskaffelser


Stig Nilsen
Avdelingsdirektør operasjoner og beredskap (fung.)


Ivan Fjeldheim-Pettersen
Avdelingsdirektør ressurssenter (fung.)

Forsvarsbygg er organisert i fem avdelingar og stab

Verdiane våre
Tillit inneber å vere opne for at vi er ulike, gi handlingsrom og stole på at vi vil kvarandre vel. Vi deler kunnskap, meiningar, lyttar og vågar.
Ansvar inneber å ta ansvar for seg sjølv, for kvarandre og for heilskapen i Forsvarsbyggs verksemd. Vi tar initiativ, vi utviser handlekraft og vi gjer det vi seier vi skal gjere.
Innsikt inneber å søke og dele kunnskap om sitt fagområde, om organisasjonen vår og om sektoren vi er ein del av. Vi samhandlar med andre, vi gjer val basert på kunnskap og vi lærer.
Integritet inneber å vere reieleg og opptre ansvarleg. Vi står for vurderingane våre, og vi har mot til å utfordre oss sjølve.