Kristiansten festning

Vi ønsker deg velkommen til Kristiansten festning, eit av Trondheims viktigaste landemerke. Det karakteristiske kvite tårnet, donjonen, er synleg frå store delar av byen. Her kan du utforske dei historiske bygningane og museet, oppleve store og små konsertar, kunstutstillingar og sportsarrangement eller berre nyte den fantastiske utsikta over Trondheim.

Donjonen i kveldssol 002

Vaktaren og kulturparken i byen

Kristiansten festning byr på flott utsikt, historiske bygningar, museum i Donjonen, og kafé i Kommandantboligen. På festningen er det moglegheit for guida turar og å gå festningsløypa. Festningen blir i dag brukt som saluttfestning, til historisk formidling, kulturelle arrangement, rekreasjon og turområde. Det er særleg lagt til rette for familiar og barn, med aktivitetar gjennom året for både skole og barnehage i området. Her møtest historie og kvardagsliv i unike omgivnader. 

DSC_7322
DSC_7322

Utleige av uteområde og selskapslokale

Områda på Kristiansten festning eignar seg godt for større og mindre arrangement, festivalar og konsertar. Vi leiger ut til til arrangørar og næringsdrivande som vil vere med på å skape nytt liv på historisk grunn.

 

Grafikk kartpin

Se kart

 

 

Arrangement på festningen

AmCarutstilling
9. august 2025 - 10. august 2025
Arrangør: Kristiansten festning
Matfestival Greenfest
9. august 2025 - 10. august 2025
Arrangør: Kristiansten festning
Festningen festival
29. august 2025 - 30. august 2025
Arrangør: Kristiansten festning
Barnas dag
7. september 2025
Arrangør: Kristiansten festning

Festningens historie

Kristiansten festning blei laga til på den strategiske høgda Erlandshaugen aust for byen, for å hindre ein potensiell svensk hær å skyte ned på byen. Under Armfeldttoget i 1718 var festningen med på å hindre at dei svenske soldatane rykte inn i Trondheim, sjølv om den aldri kom i direkte kamp. Etter unionen med Sverige i 1814 var derimot trusselen frå aust borte, og Kristiansten festning blei tatt ut av operativ drift i 1816, og overlate til «øydelegginga i tida». Redninga frå totalt forfall var at ho framleis blei nytta som brannvakt pga. den gode utsikta si over byen. Sånn sett spelte festningen ei aktiv rolle i å forsvare byen mot invasjon og brannar i fleire hundre år.

Opplev Kristiansten festning

Kristiansten festning byr på flott utsikt, historiske bygninger, museum i Donjonen, og kafé i Kommandantboligen. På festningen er det mulighet for guidede turer og å gå festningsløypa. Festningen brukes i dag som saluttfestning, til historisk formidling, kulturelle arrangementer, rekreasjon og turområde. Det er særlig lagt til rette for familier og barn, med aktiviteter gjennom året og både skole og barnehage i området. Her møtes historie og hverdagsliv i unike omgivelser.

Praktisk informasjon

  1. Indre festning er åpen så lenge flagget er oppe. Her følger vi de nasjonale flaggreglene.
    På vinterhalvåret åpner portene kl 09.00 og stenger ved solnedgang (variabel åpningstid).
    På sommerhalvåret åpner portene kl 08.00 og stenger kl 21.00.

    Museet i kanontårnet er i 2025 åpent fra 19. mai til 31. august fra klokken 10.30 - 16.00. Her kan man også kjøpe is, kaffe og drikke.

  2. Det er gratis inngang til festningsområdet. Museum, konsertar, arrangement, festivalar og liknande har eigne billettar og prisar. 

  3. Donjon/ museet er bemanna kvar dag i sommarsesongen. Omvising blir tilboden for grupper av Foreningen for Kristiansten festning og blir bestilt via tlf. +47 47 60 19 86. Sjå nettsida i foreininga for meir informasjon.

  4. Kristianstensbakken 60
    Trondheim

Åtferd på festningen

Kristiansten festning er eit freda nasjonalt kulturminne og vi ber alle utvise omsyn til omgivnadene med bygningar, ruinar, monument og parkanlegg.

  • Det er forbode å ta med seg bygningsdelar, murverk, trevirke eller andre lause gjenstandar frå festningen.
  • Du kan oppleve å komme midt i ei vigsling eller andre arrangement på festningen. Vi ber om at du tar omsyn til det, og ikkje forstyrrar unødig.
  • Det er forbode å klatre på kanonane eller festningsmurane. 
  • Grasplenane er til for å bli brukte, men ver snille med trea våre.
  • Det er heilårs forbod mot grillar og bålbrenning, også eingongsgrillar.
  • Kast søppel i søppelkassane.
  • Det er heilårs bandtvang for hundar.

Festningane er historiske forsvarsanlegg og levande kulturarenaer som blir besøkte av fleire millionar menneske kvart år. Dei er viktige attraksjonar i lokalsamfunnet i Noreg, både som destinasjonar og besøksmål og ein stad for næringsverksemd. Festningane er også arenaer der historia møter samtida og det sivile samfunnet møter Forsvaret.

Oppgåva vår som eigedomsforvaltar er å legge til rette for ei utvikling som skaper yrande liv og held historia i hevd. Det gjer vi ved å halde festningane opne og tilgjengelege for besøkande, samtidig som vi leiger ut bygg og uteområde til verksemder som tilbyr opplevingar. Vi har ansvar for vedlikehald av bygningar og festningsmurar og skjøtsel av uteområde.

Kontakt oss

Anbjørn Viem

Anbjørn Viem

Festningsforvalter

Anbjørn Viem