Oddane fort

Oddane fort blei laga av den tyske hæren i 1941 for å verne Grenlandsområdet mot allierte angrep. Etter krigen blei forta vidareført av det norske forsvaret og brukt heilt fram til 2005. I dag står det freda anlegget som eit av dei mest komplette kystforta i landet – med bygningar, stillingar og historie som formidlar både okkupasjonstid og kald krig i eit heilskapleg militærhistorisk landskap.

1031 jan 12

Oddane fort blei freda i 2015 og blir i dag rekna som eit av dei få kystforta i Noreg som er bevarte i sin heilskap. Kommandoplass, ammunisjonsbunkerar, luftvernstillingar og forlegningar er intakte, og gir eit samla og autentisk inntrykk av bruken til fortet under både andre verdskrigen og den kalde krigen.

Anlegget formidlar sentrale trekk ved datidas militærstrategi, våpenteknologi og arkitektur – og står samtidig som eit minnesmerke over dei sivile konsekvensane av krigen. Oddane fort representerer ein viktig del av det ekstyske kystartilleriet i Noreg og inngår i forteljinga om nasjonal beredskap og forsvarshistorie. Bevaring og formidling av anlegget skal sikre at kommande generasjonar får innsikt i desse viktige historiske samanhengane.

Bli kjent på området

Oddane fort på Youtube

I ein serie på 39 filmsnuttar tar vi deg med på ein runde igjennom Festningsløypa på Oddane fort i Brunlanes, Larvik. Denne filmsnutten gir deg ein smakebit frå filmserien.

Halvard Martin Oddane eig grunnen der fortet står, og han har arbeidd ved fortet sidan han var liten. Oddane var 13 år da okkupasjonsmakta tok over garden og bygde kystfortet der. Han og fortets historie har gått hand i hand. I denne filmserien fortel Oddane om stort og smått ved fortet og dets historie.

BLI KJENT PÅ OMRÅDET

Grafikk kartpin

Se kart

 

 

Festningens historie

Oddane fort blei etablert av den tyske okkupasjonsmakta som kystbatteri i april 1941, som ledd i forsvaret av innløpa til Skien, Porsgrunn og Larvik. Saman med batteriet på Kriken på Skåtøy og Tangen ved Langesund skulle det verne det strategisk viktige Grenlandsområdet, med utskipingshamnene sine, industriverksemd og transportårer til resten av landet. Området rommet også hamna som blei brukt til å frakte tungtvatn frå Vemork ved Rjukan.

Den tyske hæren stod ansvarleg for utbygginga, og fortet blei underlagt Artillerigruppen Larvik som del av det samanhengande kystartilleriforsvaret langs norskekysten. Den 21. april 1941 beslagla tyskarane store delar av eigedommen til Hans Kr. Oddane. Familien blei tvangsflytta året etter, og mesteparten av gardsbusetnaden blei riven – unnatatt våningshuset, som blei brukt til offisersforlegning.

Etter kapitulasjonen i 1945 overtok det norske Kystartilleriet anlegget. Frå 1946 inngjekk Heimevernet som ei ny forsvarsgrein, og allereie frå 1949 blei Oddane fort bemanna med HV-personell og brukt til årlege øvingar. I heile etterkrigstida fungerte fortet som eit mobiliseringsfort utan fast bemanning.

Den siste skarpskytinga med kanonane til fortet skjedde i 1991. Deretter blei det vedtatt å legge ned alle fort med ekstysk materiell. Heimevernet forlét Oddane fort i 2005, etter nesten 60 års bruk.

Praktisk informasjon

  1. Oddane fort ligg i eit naturområde med særleg verdifullt biologisk mangfald. Av omsyn til dette er området normalt ikkje ope for publikum. I vår- og hausthalvåret kan det gjennomførast guida turar for større grupper etter avtale. Det blir ikkje tilbode omvising i sommarmånadene juni, juli og august.

  2. Kostnad for førehandsbestilte guida turar blir avklart i kvart enkelt tilfelle.

  3. Anlegget ligg på privat grunn, og det er grunneigar som held guida rundturar etter avtale med større grupper. Oddane fort er stengd for omvising/guida rundturar i sommarmånadene juni–august. På haust- og vårhalvåret kan vi etter førespurnad gjennomføre guida rundturar for organiserte grupper på 10–20 personar. Turen tar cirka 1–1,5 timar. 

  4. Oddane fort
    3296 Nevlunghavn 

Åtferd på festningen

Oddane fort er eit viktig kulturminne, og skal takast godt vare på for kommande generasjonar. I tillegg til forsvarsverka og bygningane finst botaniske, zoologiske og geologiske førekomstar som er eineståande sidan området som har vore avstengt over lang tid. Derfor er det viktig at du som oppheld deg her har respekt for bygningane og området.

  • Det er heilårs forbod mot grillar og bålbrenning, også eingongsgrillar.

  • Kast søppel i søppelkassane.

  • Det er forbode å fly drone på og over festningsområdet.

  • Det er heilårs bandtvang for hundar.

  • Det er forbode å nyte medbrakt alkohol.

Festningane er historiske forsvarsanlegg og levande kulturarenaer som blir besøkte av fleire millionar menneske kvart år. Dei er viktige attraksjonar i lokalsamfunnet i Noreg, både som destinasjonar og besøksmål og ein stad for næringsverksemd. Festningane er også arenaer der historia møter samtida og det sivile samfunnet møter Forsvaret.

Oppgåva vår som eigedomsforvaltar er å legge til rette for ei utvikling som skaper yrande liv og held historia i hevd. Det gjer vi ved å halde festningane opne og tilgjengelege for besøkande, samtidig som vi leiger ut bygg og uteområde til verksemder som tilbyr opplevingar. Vi har ansvar for vedlikehald av bygningar og festningsmurar og skjøtsel av uteområde.

Kontakt oss

Forsvarsbygg servicesenter

Forsvarsbygg servicesenter

Vi tar i mot henvendelser, feil og mangler

phone-icon

468 70 400

Forsvarsbygg servicesenter