Trondenes fort
Vi ønsker deg velkommen til Trondenes fort som er ein del av Atlanterhavsvollen, utbygginga til den tyske okkupasjonsmakta langs norskekysten. Kanonbatteriet blei reist under andre verdskrigen. Alle dei fire kanonane er intakte, og ein av desse er Adolfkanonen som i dag eit ope museum til minne om andre verdskrigen.

Kulturminna til atlanterhavsvollane
Kystforta på Møvik ved Kristiansand, Austrått ytst i Trondheimsfjorden og Trondenes ved Harstad er mellom dei største batteria som blei etablerte langs Atlanterhavsvollen. Dei har ei særstilling i Noregs krigshistorie.
Alle tre har kanonar opphavleg berekna på slagskip: Trippelkanonen på Austrått stod opphavleg på slagskipet Gneisenau, 38 cm kanon på Møvik og 40,6 cm på Trondenes blei tilpassa montering på land.
40,6 cm kaliber, og med ei rekkevidde på 56 km, er dei største kanonane som nokon gong er monterte som kystartilleri. To slike batteri blei bygde i Noreg – det eine på Trondenes, med fire kanonar. Det andre på Engeløya i Steigen, Nordland med tre kanonar.
Trondenes fort ligg inne i eit miltært område
Alle besøkande må booke omvising på førehand og hugse gyldig legitimasjon med bilde ved framkomst.
Det er inngangskontroll ved oppmøtestad i sør-porten og organisert transport inne på området.
Ferdsel på eige initiativ er ikkje tillaten.


Guida tur til Adolfkanonen
Kanonane ligg inne i militært område, og er berre tilgjengeleg gjennom omvising med guide. Det er lokale reiselivsaktørar som kjenner området godt som held omvisingane.
Bestill omvisning
Viktig informasjon til alle besøkande
Oppmøtestad for omvising
Oppmøtestad for omvising er ved Sør-porten. Det er felles transport vidare inn på området. Ferdsel på eigenhand innanfor Trondenes leir er ikkje tillaten.
Foto- og droneforbod
På området er det foto- og droneforbod. Det er berre lov å ta bilde oppe ved Adolfkanonen. Militært vaktpersonell kan vise bort vedkommande som ikkje overheld forbodet.
Plikt til å vise gyldig legitimasjon
Godkjent legitimasjon er førarkort, nasjonalt ID-KORT, pass og FD-ID (med godkjent utløpsdato). Barn og personar som av andre gyldige grunnar ikkje kan legitimere seg, skal følgjast av føresette eller følgjer med gyldig identifikasjon. Guidane utfører ID-sjekk ved oppmøtestaden for omvising. Tilgangskontoret i Trondenes leir utfører inngangskontrollen.
Ved framvisning av ID på oppmøtestaden for guida tur, tar guiden bilde av alle identifikasjonsbevis. Dette blir tatt med eit kamera som blir lånt ut av tilgangskontoret. Kameraet blir levert ved innpassering, og blir henta ut av guide før alle omvisingar. Det skal også leverast inn ei namneliste med telefonnummer over alle deltakarane i følgjet (gjeld ikkje barn ifølgje med føresette).
Fortets historie
Trondenes fort ligg i dag som ein fredeleg plett i det naturskjønne landskapet på Trondeneshalvøya. Men fortet er også eit monument over dei 800 krigsfangane som mista livet under byggearbeida, og menneske som blei fordrivne frå heimane sine på grunn av utbygginga av forsvarslinja under 2. verdskrig.
Arbeidet med å styrke Noreg blei igangsett like etter angrepet i april 1940. Ønsket om å kontrollere Noreg hadde bakgrunn i behovet for å sikre malmtransport frå Narvik, komme uhindra ut i Atlanterhavet frå Tyskland og behovet for basar for den tyske marinen i Noreg. Dei norske forskansingane var ein del av Atlanterhavsvollen som gjekk frå Ishavet til den fransk-spansken grensa for å kunne stå imot allierte landingsoperasjonar.
Okkupasjonsmakten tok i bruk eksisterende norske kystfort, endret dem en del og startet utbygging, dels i henhold til norske planer fra mellomkrigstiden. Etter omfattende befaringer våren og sommeren 1940 utarbeidet tyskerne egne planer for befestning av strategisk viktige steder: Sperring av Skagerrak, sikring av innseiling til Trondheimsfjorden samt bygging av batterier på vestlandskysten.
Etter krigen overtok norske kystartillerister Trondenes fort. I 1951 begynte utdanningen av norsk betjening, som samme år foretok en vellykket første øvingsskyting. Siste skyting ble foretatt i 1957. Batteriet var i kystartilleriets oppsetning til 1961 da det ble nedlagt, og Trondenes fikk status som museumsfort til minne om 2. verdenskrig.
Praktisk informasjon
-
Trondenes fort er framleis i militær bruk og området er berre tilgjengeleg for besøkande gjennom guida omvising.
-
Billett for omvising blir bestilt hos reiselivsaktørane.
-
Køyr hovudveg mot nord og gjennom tunnelen. Følg Trondenesveien forbi Trondenes kyrkje og følg deretter skilta til Trondenes fort. Det går også buss frå Harstad sentrum.
-
Universell tilgjengelegheit
Det er mogleg å ta seg fram til Adolfkanonen. Vegane er dekte med grov grus. Det er mogleg med biltransport for forflyttingshemma. Sjølve kanonbrønnen er vanskeleg tilgjengeleg og kan ikkje nåast med rullestol.Kanonmuseet ligg inne i kanonbunkeren. Inne er det god framkomme med rullestol, men det kan vere nødvendig å få hjelp over dørstokkar. Utstillingane er ikkje spesielt tilrettelagde for syns- eller høyrselshemma.
Ta kontakt med reiselivsaktøren ved bestilling av omvising om du har behov for spesiell tilrettelegging.
-
Trondenes fort. 9404 Harstad.
Åtferd på Trondenes fort
- Det er foto- og droneforbod på området.
- Ferdsel er berre tillate i organisert omvising med guide på området.
- Graving og søk med metalldetektorar er ikkje tillate.
- Det er heilårs bandtvang for hundar.
Dei nasjonale festningsverka er historiske forsvarsanlegg og levande kulturarenaer som blir besøkte av fleire millionar menneske kvart år. Dei er viktige attraksjonar i lokalsamfunnet i Noreg, både som destinasjonar og besøksmål og ein stad for næringsverksemd. Festningane er også arenaer der historia møter samtida og det sivile samfunnet møter Forsvaret.
Oppgåva vår som eigedomsforvaltar er å legge til rette for ei utvikling som skaper yrande liv og held historia i hevd. Det gjer vi ved å halde festningane opne og tilgjengelege for besøkande, samtidig som vi leiger ut bygg og uteområde til verksemder som tilbyr opplevingar. Vi har ansvar for vedlikehald av bygningar og festningsmurar og skjøtsel av uteområde.