Sommarjobb innan reinhald på Kjevik
Stillingsinformasjon
Sted:
Kjevik
Enhet:
Forsvarsbygg eiendomsforvaltning Renhold
Søknadsfrist:
7
april 2026
Forsvarsbygg på Kjevik i Kristiansand søker 4-5 sommarvikarar innan reinhald i vekene 27-34. Perioden kan delas opp slik at sommarvikarane kan jobbe 4 veker kvar.
Ver vennleg å oppgi i søknaden kva periode du er interessert i å jobbe.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 4 veker innanfor den oppgitte perioden (veke 27-34). Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgaver
- Utføre regelmessig dagleg reinhald og periodisk reinhald, samt nedvask
- Andre rengjeringsrelaterte oppgåver innanfor eigen fagområde
Kvalifikasjoner
Du har ein ryddig og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene. Vi skal levere gode renholdstenester, noko som stiller krav til at du er opptatt av å levere god kvalitet og samarbeider godt med andre. Dersom du òg har gode kommunikasjonsevner, er fleksibel og serviceinnstilt, kan dette vere rett stilling for deg.Personlige egenskaper
- Søkarar må vere over 18 år
- God orden og åtferd
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg godt
- Du må kunne autoriserast før oppstart
- Det er ønskeleg at du har erfaring innan reinhald