Program for nyutdanna
Forsvarsbygg tilbyr eit 18 månaders skreddarsydd utviklingsløp. Programmet er for deg som er nyutdanna innan ingeniørfag, eigedom, bygg, arkitektur eller prosjektleiing. Du får jobbe på prosjekt i ulike fasar, fadder, sertifisering som prosjektleiar, hospitering og dessutan faglege og sosiale samlingar.
Du får høve til å bidra til å løyse eit samfunnsoppdrag og å gjere ein forskjell.
Du får
- Fast tilsetting i Forsvarsbygg frå dag éin.
- Fadder og skreddarsydd fagleg opplegg i 18 månader.
- Hospitering i ulike delar av Forsvarsbygg og forsvarssektoren.
- Innsikt i både tidlegfase og gjennomføringsfase.
- Sertifisering som prosjektleiar.
- Prosjektleiarskolen til forsvarssektoren som gir 30 studiepoeng.
- Interne samlingar med både fagleg og personleg utvikling.
Skreddarsydd utviklingsløp
Gjennom halvtanna år får du jobbe på prosjekt i ulike fasar, frå planlegging til ferdigstilling. I samarbeid med ein fadder får du vere med å planlegge og bygge samfunnskritisk infrastruktur for Forsvaret.
Får sertifisering i prosjektleiing
Du får praktisk erfaring i prosjekt, tett oppfølging frå erfarne kollegaer og ei formell sertifisering som prosjektleiar i forsvarssektoren.
Rekruttering
Vi rekrutterer studentar til programmet vårt for nyutdanna kvart andre år. Neste rekrutteringsprosess blir opna hausten 2025, med oppstart i Forsvarsbygg august 2026.