Sommarjobb på Haakonsvern
Stillingsinformasjon
Sted:
Bergen
Enhet:
Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Vest
Søknadsfrist:
25
mars 2026
Forsvarsbygg søker etter motiverte sommarvikarar til lettare driftsarbeid inne og ute på Haakonsvern og omegn.
Vi søker cirka 7 ungdommar til førefallande vedlikehaldsarbeid i skuleferien, omtrent veke 25-33.Vi søker 2 ungdommar under utdanning innan elektro/ elenergi/ automasjon. Må være ferdig med VG2.
Resterande 5 vil arbeide med påkommande vedlikehald.
Oppgi i søknaden kva for ei periode du ønsker å jobbe.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 3-4 veker innanfor den oppgitte perioden (veke 25-33). Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgaver
- Påkommande oppgåver, som til dømes maling, rydding av inne- og uteareal mm.
- Enklare driftsoppgåver innan elektro/automasjon mm.
Kvalifikasjoner
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Personlige egenskaper
- Må vere fylt 16 år, eller fylle 16 år i løpet av 2026.
- God orden og åtferd
- Må kunne autoriserast før oppstart
- Ønskeleg med påbegynt utdanning innan elektro (fullført VG2), for to av søkerane