Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Grunn og vatn

Vi jobbar kontinuerleg med å kartleggje og overvake nivået av forureining på eigedommane til forsvarssektoren rundt om i landet, og gjennomfører førebyggande og mildnande tiltak ved behov. Under kan du finne informasjon om dei ulike prosjekta og laste ned rapportane.

Forsvarsbygg har sidan tidleg på 1990-talet overvakt vasskvaliteten i skyte- og øvingsfelta (SØF) som blir forvalta av Forsvarsbygg. Hovudformåla med denne overvakinga er å følgje med på metallutsleppa frå skytebaner og skytebaneområde for å kunne dokumentere vasskvaliteten nært til desse, og kunne fange opp om det skjer nemneverdig auke i metallnivåa over tid. I tillegg skal metallutsleppa frå SØF ikkje ha nokon nemneverdig negativ påverknad på vasskvaliteten i hovudresipientane.

Dei fleste SØF blir tatt prøve av årleg. Dei som ikkje blir tatt prøve av like ofte, er stader der metallkonsentrasjonane er svært låge eller den militære bruken er liten. Under finn du gjeldande overvakingsprogram, og årsrapportar frå dei siste seks åras vassprøvetaking.

Vassprøvetakinga og parametrane det blir målt på, har variert gjennom åra. Frå og med 2009 blir det analysert på metalla som er knytt til Forsvaret sitt bruk av handvåpenammunisjon: bly, kobbar, sink og antimon. Ved korrosjon av ammunisjonsrestane kan metall frigivast og blir spreidd til vann eller jord. Vi måler derfor òg pH, leidningsevne, laust organisk karbon, jern, kalsium og turbiditet. Dette er støtteparametrar for å kunne seie noko om nedbrytinga og potensielle miljøeffektar av metallkonsentrasjonane som blir målt.

Overvakingsprogram

Forsvarsbygg har for felt utan formelle løyve til å utøve forureinande verksemd (løyve etter forureiningslovas § 11), utarbeidd eit felles, nasjonalt overordna måle- og oppfølgingsprogram for dette:

Overvakingsprogram for SØF frå og med 2019.

For felt med eigne løyver eller som har fått løyver i 2019 eller seinare, blir måleprogram for kvart felt laga og fortløpande lagt her:

Måleprogram for Sessvollmoen SØF. Løyve for Sessvollmoen skyte- og øvingsfelt blei gitt 6.09.2021

Måleprogram for Setermoen SØF. Løyve for Setermoen blei gitt 18.04.2017. Siste endring er frå 08.03.2022

Måleprogram for Mauken Blåtind SØF. Løyve for Mauken Blåtind blei gitt 17.06.2021

Måleprogram for Leksdal SØF. Nytt løyve for Leksdal blei gitt 23.11.2020.

Måleprogram for Drevjamoen SØF. Løyve for Drevjamoen blei gitt 21.09.2020.

Måleprogram for Hengsvann SØF. Nytt løyve for Hengsvann blei gitt 21.03.2021.

Måleprogram for Lieslia SØF. Løyve for Lieslia blei gitt 07.02.2020.

Overvaknings- og måleprogram for Regionfelt Austlandet med Rødsmoen med Rena leir og flyplass. Løyve til forureinande verksemd etter forureiningslovas § 11 blei gitt 11.10.2011. Det vil bli søkt om endringar i denne.

 

Evenes
Mjelde&Schneider-rapport-7548-2020.pdf.pdf   
Undersøkelse av vannvegatasjon i Svanvatn 2020

Rapport overvåking av tre innsjøer ved Harstad-Narvik flyplass, Evenes 2021.pdf.pdf  Overvåking av tre innsjøer ved Harstad/Narvik flyplass Evenes 2021

Rapport Evenes 2022.pdf.pdf  
Vassdragsovervåking ved Evenes flystasjon 2022

 

Årsrapportar

Forsvarsbygg sine forvaltningsområde er fordelt på seks regionar. Under kvar region finn du enkeltrapportar.

Ønsker du å lese rapportar frå før 2020-prøvetakinga, tidligare kartleggingar eller oppsummeringar fra vassovervakinga, ta kontakt med servicesenteret vårt.

Region Hålogaland

I Region Hålogaland omfattar rapportane vassprøvetaking frå følgjande stader: Elvegårdsmoen SØF, Heggmoen skytefelt, Ramnes SØF, Reitan kortholdsbane, Sørlia SØF og Trondenes skytebaneanlegg.

2022-prøvetakinga
2021-prøvetakinga
2020-prøvetakinga

 

Region midt

I Region midt omfattar rapportane vassprøvetaking frå følgjande stader: Drevjamoen SØF, Frigård skytebaneanlegg, Giskås SØF, Haltdalen SØF, Leksdal SØF, Sankthansholet skytebaneanlegg og Setnesmoen SØF.

2022-
prøvetakinga
2020-prøvetakinga

 

Region nord

I Region nord omfattar rapportane vassprøvetaking frå følgjande stader: Bardufoss sentralskytebane, Høybuktmoen SØF, Mauken Blåtind SØF, Porsangmoen-Halkavarre SØF, Setermoen SØF og Sørreisa.

2022-
prøvetaking
2021-prøvetakinga
2020-prøvetakinga

 

Region øst

I Region øst omfattar rapportane vassprøvetaking frå følgjande stader: Jørstadmoen, Lieslia, Regionfelt Østlandet, Rødsmoen SØF og Terningmoen SØF.

2022- prøvetakinga
2020- prøvetakinga

 

 

Region vest

I Region vest omfattar rapportane vassprøvetaking frå følgjande stader: Evjemoen SØF, Firda skytebane, Geiskelid SØF, Haakonsvern skytebaneanlegg, Kjevik (skytebane), Korsnes Fort, Kråkenesmarka SØF, Madla skytebane, Mjølfjell og Brandset SØF, Remmedalen SØF, Ulven SØF og Vatne SØF.

2022-
prøvetakinga
2021-prøvetakinga
2020-prøvetakinga

 

Region Viken

I Region Viken omfattar rapportane vassprøvetaking frå følgjande stader: Heistadmoen SØF, Hengsvann SØF og Steinsjøen SØF.

2022-prøvetakinga
2021-prøvetakinga
2020-prøvetakinga

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.