Støykartlegging
Støykartlegging
Støyrådgivarane våre har den fremste kompetansen i landet på støy frå militær aktivitet.
Kva er støy, og kvifor kartlegg vi den?
Støy er uønskt eller forstyrrande lyd og blir rekna som forureining etter forureiningsloven.
Støy gjer det vanskeleg å oppfatte ønskte lydar, som tale eller varslingssignal, og kan ved langvarig eksponering auke risikoen for hjarte- og karsjukdommar. Mykje av støyen vi blir utsette for kjem frå nødvendig verksemd som transport, byggearbeid – og militær øving.
Slik fungerer støykartlegginga
Forsvarsbygg følgjer den statlege retningslinja T-1442 om støy i arealplanlegging. I tillegg tar vi omsyn til støy frå tunge våpen og sprengingar.
Vi bereknar støy i dei aktuelle områda og lagar støysonekart med raude og gule soner for å vise graden og utbreiinga av støyen:
Raud støysone: Svært støyutsett. I utgangspunktet ikkje eigna for bygging av bustad, skule eller sjukehus/sjukeheim.
Gul støysone: Moderat støyutsett. Ei vurderingssone der det må planleggjast godt for å oppnå tilfredsstillande støytilhøve i støyfølsame bygg.
Støybelastning blir synleggjord med støysonekart
Vi utarbeider støysonekart for alle Forsvarets skyte- og øvingsfelt, basert på nåverande og planlagd framtidig aktivitet.
Karta synleggjer støybelastninga i området og er viktige verktøy for kommunar og planmyndigheiter i arelplansaker.
Støysonekart er med å vareta sivile og militære behov
Målet med støykartleggingane er å førebygge støyplager for naboar og lokalsamfunn, utan å avgrense Forsvarets øvingsmoglegheiter og operative evne.
Ved å kartlegge og formidle støysoner, bidrar vi til at Forsvaret kan gjennomføre nødvendig trening, samtidig som vi tar omsyn til helse og trivsel i lokalsamfunna rundt. Det gir betre samspel mellom Forsvaret, kommunane og innbyggarane.
Støy frå forsvarsaktivitet skil seg frå annan støy
Utfordringane med støy frå forsvarsverksemd er annleis enn det ein møter i kartlegging av andre støykjelder, som for eksempel veg- og jernbanetrafikk.
Støyen kan forplante seg over lange avstandar, noko som gjer at mellom anna meteorologi, terreng og bakkeforhold får ekstra mykje å seie.
Vi forskar på støy frå militær aktivitet
Den spesielle karakteren til støykjeldene gjer at vi sjølv må ta ansvar for å utvikle og forbetre berekningsverktøya våre.
Forsvarsbygg har eigne forskingsprosjekt knytta til støy frå militær aktivitet. Vi samarbeider tett med ulike forskingsmiljø for å sikre at vi baserer forskinga vår på oppdatert kunnskap.
I 2014-2015 gjennomførte Forsvarsbygg ei spørjeundersøking om plagegrad på støy frå skytebanar. No er vi i gang med å teste ut ein ny og meir nøyaktig metode for støyberekning ved å gjenbruke svara frå undersøkinga.
Kontakt oss
Forsvarsbygg servicesenter
Vi tar imot henvendelser om feil, mangler og andre spørsmål
468 70 400