Trøndelag

Trøndelag
Vi bygger i Trøndelag for å auke Forsvarets kampkraft i luftrommet
Kostnadsestimat
Planlagd satsing i samsvar med langtidsplanen til forsvarssektoren ut 2036, og Nato-planlagde investeringar i eigedom, bygg og anlegg: 11,9 milliardar kroner.
Område
Ørland, Værnes og Trondheim.
Dette bygger vi
- Forlegningar og kasernar på Ørland og Værnes
- Administrasjonsbygg og køyretøyhallar til luftvernbataljonen på Ørland
- Ytre perimeter på Ørland
Under planlegging
- Hangarar for F-35
- Undervisningsbygg for Luftforsvarets skulesenter på Værnes
Værnes: Bygger nye elevforlegningar til Luftforsvarets skulesenter
Flyttinga av Luftforsvarets skulesenter frå Kjevik til Værnes blei vedtatt i 2016. Store delar av skolesenteret er allereie plasserte på Værnes.
Kvart bygg skal ha overnattingsrom med bad – til saman 159 bueiningar for elevar ved skolesenteret. Forlegningsbygga er på ca. 2500 kvm, og har tre etasjar pluss kjellar. I tillegg til romma til elevane, skal det vere buer og fellesareal.
Gjennomføringsoppdraget for heile prosjektet blei gitt med ei kostnadsramme på 940 millionar kroner. Dette inkluderer også eit skolebygg med hangar.
Forsvarsbygg skal sørge for at rett infrastruktur, bygg og anlegg står klare, når Forsvaret aukar bemanninga si på Værnes
Ørland: Nye bygg til luftvern
Det skal oppførast eit administrasjons bygg over to etasjar med loft (totalt ca 2800 m2) og to køyretøyhallar (ca. 1100 m2 per hall). I tillegg vil det bli etablert oppstillingsplass for køyretøy i tilknyting til bygga.
Kontrakten har ein verdi på 145 mill. kroner (eks. mva.). Anlegga er venta ferdigstilt i løpet av 2026.
Ørland flystasjon: Nye forlegningar
Bygget, ein befalsforlegning for 50 personar er på ca. 2 610 m2 bruttoareal over tre etasjar. Hovudkontrakten har ein verdi på 83 millionar kroner for hovudkontrakten, med eigen kontrakt i samband med infrastrukturen på ca. 10 millioner kroner.
I tillegg kjem Forsvarsbygg til å inngå kontrakt med Skanska Husfabrikken frå Steinkjer om oppføring av ny mannskapsforlegning til 180 personar. Dette bygget er på 2687 m2 bruttoareal over tre etasjar. Kontrakten har ein verdi på 75 millionar kroner.
Forlegningane skal stå ferdig i løpet av siste halvdel av 2026.