Sommarjobb bustad og kvarter Porsangmoen
Stillingsinformasjon
Sted:
Porsangmoen
Enhet:
Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Nord
Søknadsfrist:
14
april 2026
Forsvarsbygg si avdeling for bustad og kvarter på Porsangmoen søker ein sommarvikar til ulike oppgåver knytt til bustad og kvarter.
Arbeidsoppgåver vil primært vere rydding og flytting av møbler og anna inventar, påfyll av forbruksmateriale, rapportering av feil/manglar og andre liknande oppgåver.
Tidsrommet vil vere i perioden frå skuleslutt (slutten av juni) og til skulestart (midten av august).
Som sommarvikar vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling innanfor den oppgitte perioden i annonsen. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgaver
- Rapportering av feil/manglar på fellesarealar og kvarter
- Flytting/bæring og rydding
- Støtte ute på bygg ved henvendelsar på elektroniske låsar
- Påfyll av forbruksmateriell og diverse påkommande arbeid
Kvalifikasjoner
For å jobbe hos oss må du være:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Personlige egenskaper
- Må vere fylt 18 år
- Må ha førarkort kl B
- Må kunne autoriserast til B føre oppstart