Illustrasjonsbilde

Om Forsvarsbygg

Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde. Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet. Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sommarjobb i Harstad

Stillingsinformasjon

Sted: Harstad
Enhet: Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Nord
Søknadsfrist:
9 april 2026

Forsvarsbygg søker sommarvikarar i Harstad til ulike oppgåver innan utandørs drift.
Arbeidsoppgåvene vil primært vere plenklipping, kantklipp, luking i bed og andre liknande oppgåver. Tidsrommet vil vere i perioden frå skoleslutt (i slutten av juni) til skolestart (i midten av august), der puljar på 3 og 3 jobbar 4 veker kvar. Det kan også vere aktuelt med jobb på ettermiddagar og helg etter skoleslutt ved behov.

Ver vennleg og oppgi i søknaden kva oppgåver du ønsker å jobbe med, og dessutan i kva periode du er interessert i å jobbe.


I tillegg til desse 6 sommarvikarane har vi også behov for enda ein sommarvikar, som skal ha oppstart allereie cirka 18.mai.
Vi søker deg som skal klargjere materiell, rydde, plana blomstrar, rake o.l. før graset blir for langt. Når dei andre sommarvikarane kjem i juni vil du få rolla som teamleiar. Som teamleiar skal du mellom anna køyre sommarvikarane ut til dei ulike stadene der dei skal klippe gras o.l.. Du skal sørge for at alle har nok bensin, forbruksmateriell til klippeutstyr og få dette levert til service/reparasjon om nødvendig.
Det er ønskeleg at teamleiaren jobbar heile sommaren, og det trengst sertifikat for bil med manuelt gir for denne personen.


Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. I Harstad jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 4 veker innanfor den oppgitte perioden over, bortsett fra teamleiaren som jobber heile sommaren. Som nemnt over kan arbeid ut over dette også blir avtalt alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.

 

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb

Arbeidsoppgaver

  • Klipping av plen
  • Kantklipping
  • Planting og luking i bed
  • Påkommande oppgåver

Kvalifikasjoner

Vi ser etter deg som er:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Personlige egenskaper

  • Må vere fylt 16 år, eller fylle 16 år i 2026
  • Må kunne autoriserast før oppstart
  • For teamleiarstillinga er det krav til førarkort kl. B for manuelt gir. Det er ønskeleg at fleire har dette.

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), frå kr. 293 500,- - 417 600,- i brutto årleg lønn.
Søk på stillingen på Webcruiter!

Stillingsinformasjon

Sted: Harstad
Enhet: Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Nord
Søknadsfrist:
9 april 2026

For mer informasjon, kontakt

Trond Balswick
Tittel: Områdeleiar
Telefon: 907 42 602
Søk på stillingen på Webcruiter!