Sommarjobb innan offentlege anskaffingar
Stillingsinformasjon
Sted:
Harstad
Enhet:
Forsvarsbygg anskaffelser
Søknadsfrist:
7
mai 2026
Forsvarsbygg si avdeling for anskaffingar søkjer ein sommarvikar til saksbehandling innan offentleg anskaffingar i skulen sommarferie (juni- august).
Arbeidsoppgåver vil primært vere knytt til gjennomføring av anskaffingar av kontrakter til alle Forsvarsbygg sine avdelinger.
Arbeidsstad for stillinga er Harstad.
Som sommarvikar vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling innanfor den oppgitte perioden, men det blir lagt til rette for moglegheita til å ta ut noko ferie i løpet av perioden, dersom dette er ønskjeleg for deg .
I etterkant av sommervikariatet kan det bli aktuelt med deltidsarbeid som kan kombinerast med studiar.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgaver
Stillinga omfattar leiing av anskaffingsprosessar og oppfølging av kontraktar ved behov. Dette inneber mellom anna å:
- utarbeide kontraktsstrategiar i ulike fasar av prosjekt
- gjennomføre marknadsanalysar og marknadsdialog i samarbeid med relevante fagmiljø
- utarbeide konkurransegrunnlag og gjennomføre anskaffingar, inkludert minikonkurransar, konkurransar i dynamiske innkjøpsordningar og avrop
- evaluere tilbod og tildele kontraktar
- leggje til rette for kontraktsinngåing, samt støtte implementering og kontraktsoppfølging ved behov
Kvalifikasjoner
Vi ser etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, og er påliteleg og ansvarleg. Du må kunne samarbeide godt med andre og kommunisere godt. Om du også er lærevillig og motivert for arbeid med offentlege anskaffingar kan du være ein god match for oss.
Personlige egenskaper
- Du er student og tek høgare utdanning innan relevante fagområde, til dømes jus, økonomi, beredskap, ingeniørfag eller liknande
- God IT-kompetanse, mellom anna i Excel og Word. Gjerne òg kunnskap om KI
- Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk
- Du må kunne autoriserast til nivå B før oppstart. Klareringsprosess for nivå K/NC vil bli sett i gang, men det er ikkje eit krav at denne er ferdig før oppstart