Sommarjobb innan reinhald i Bodø
Stillingsinformasjon
Sted:
Bodø
Enhet:
Forsvarsbygg eiendomsforvaltning Renhold
Søknadsfrist:
14
april 2026
14
april 2026
I samband med årets ferieavvikling er vi på jakt etter engasjerte, flinke og pliktoppfyllande sommarvikarar.
Vi søker totalt 4 sommarvikarar som skal jobbe med dagleg og periodisk reinhald av bygga våre i perioden veke 26-33. Du vil måtte jobbe både ved Bodø hovedflystasjon, Bodin leir og på Reitan.Vi ber deg oppgi i søknaden kva periode du kan jobbe.
Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 3-4 veker i den oppgitte perioden (veke 26-33). Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgaver
- Dagleg/regelmessig reinhald av bygg
- Utvask av bustad og kvarter
- Utføre reinhaldsarbeid etter oppsette arbeidsplanar
Kvalifikasjoner
Vi ser etter deg som er løysingsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig.
Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og like varierte utfordringar.
Vidare er du omgjengeleg og nøyaktig, og har gode samarbeidsevner. Du må også kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Personlige egenskaper
- Du må vere over 18 år
- Du må ha god allmenn helse og fysikk
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Du må autoriserast før oppstart
- Det er ønskeleg at du har førerkort kl. B
- Det er ønskeleg at du har erfaring innan reinhald