Sommarjobb innan reinhald på Haakonsvern
Stillingsinformasjon
Sted:
Bergen
Enhet:
Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Vest
Søknadsfrist:
16
april 2026
16
april 2026
Forsvarsbygg på Haakonsvern søkjer 2-3 sommarvikarar innan reinhald i skuleferien.
Ver vennleg å oppgi i søknaden kva periode du er interessert i å jobbe.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 4 veker innanfor vekene 26-33. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgaver
- Utføre regelmessig dagleg reinhald og periodisk reinhald, samt nedvask
- Andre rengjeringsrelaterte oppgåver innanfor eigen fagområde
Kvalifikasjoner
Du har ein ryddig og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene. Vi skal levere gode renholdstenester, noko som stiller krav til at du er opptatt av å levere god kvalitet og samarbeider godt med andre. Dersom du òg har gode kommunikasjonsevner, er fleksibel og serviceinnstilt, kan dette vere rett stilling for deg.Personlige egenskaper
- Du må vere fylt 16 år, eller fylle 16 år i 2026
- Du må ha god orden og åtferd
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg godt
- Du må kunne autoriserast før oppstart
- Det er ønskeleg at du har erfaring innan reinhald