Illustrasjonsbilde

Om Forsvarsbygg

Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde. Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet. Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sommarjobb innan renhald på Ørland

Stillingsinformasjon

Sted: Brekstad
Enhet: Forsvarsbygg eiendomsforvaltning Renhold
Søknadsfrist:
9 april 2026

Forsvarsbygg søker sommarvikarar til reinhald på Ørland.
Vi søker 5 sommarvikarar i vekene 27-32. Søkarar må kunne jobbe heile denne perioden.

Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din, men ønsket er at du må kunne jobbe alle vekene frå 27-32. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.

 

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb

Arbeidsoppgaver

  • Utføre regelmessig dagleg reinhald og periodisk reinhald, og dessutan nedvask
  • Andre reingjeringsrelaterte oppgåver innan fagområdet

Kvalifikasjoner

Vi ser etter deg som har ei ryddig og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene. Vi skal levere gode reinhaldstenester, noko som stiller krav til at du er opptatt av å levere god kvalitet og samarbeider godt med andre. Dersom du også har gode kommunikasjonsevner, er fleksibel og serviceinnstilt, kan dette vere rett stilling for deg.

Personlige egenskaper

  • Søkarar må vere over 16 år, eller fylle 16 år i 2026
  • God orden og åtferd
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg godt
  • Du må kunne autoriserast før oppstart 
  • Det er ønskeleg at du har erfaring innan reinhald
  • Det er ønskeleg at du har førarkort klasse B

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller reinhaldsbetjent (kode 1138/1129), frå kr. 293 500,- - kr. 417 600,- i brutto årleg lønn.
Søk på stillingen på Webcruiter!

Stillingsinformasjon

Sted: Brekstad
Enhet: Forsvarsbygg eiendomsforvaltning Renhold
Søknadsfrist:
9 april 2026

For mer informasjon, kontakt

Carina Morken
Tittel: Reinhaldsleiar
Telefon: 406 17 048
Søk på stillingen på Webcruiter!