Sommarjobb innan utandørs drift i Stavern og Horten
Stillingsinformasjon
Sted:
Stavern
Enhet:
Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Østlandet
Søknadsfrist:
13
april 2026
Forsvarsbygg i Vestfold søkjer etter sommarvikarar som er interessert i å ta i eit tak og få unna førefallande arbeid innan utandørs drift i skuleferien.
Vi treng ein sommarvikar i Stavern og ein i Horten.
Ver venleg å oppgi i søknaden kva for lokasjon til du vil jobbe på, og kva for periode du kan jobbe.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 4 veker innanfor skuleferien. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les gjerne meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgaver
- Plenklipping/kantklipping
- Tilsyn med publikumsområde
- Målararbeid
- Bistand ved eventuelle arrangement
- Vatning av planter ol.
- Førefallande arbeid
Kvalifikasjoner
For å jobbe hos oss må du vere:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Personlige egenskaper
- Søkar må vere over 16 år, eller fylle 16 år i 2026
- God orden og åtferd
- Du må kunne autoriserast før oppstart