Illustrasjonsbilde

Om Forsvarsbygg

Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde. Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet. Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sommarjobb på Bardufoss

Stillingsinformasjon

Sted: Bardufoss
Enhet: Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Nord
Søknadsfrist:
7 april 2026

Forsvarsbygg har behov for 8 sommarvikarar til oppgåver knytte til utandørs drift. Arbeidsoppgåver kan for eksempel vere plenklipping, måling, ryddig og liknande.
Arbeidsted vil i hovudsak vere Bardufoss, men man må pårekne noko arbeid i Sørreisa i perioden.

Behovet for sommervikarar vil vere i vekene 25-33. Vi ønsker at du oppgir i søknaden kva periode du kan jobbe.


Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 3- 4 veker innanfor den oppgitte perioden (veke 25-33). Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb 

Arbeidsoppgaver

  • Sommarvedlikehald på grøntanlegg og vegetasjonsrydding
  • Målearbeid
  • Påkommande oppgåver

Kvalifikasjoner

Vi ser etter deg som er:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Personlige egenskaper

  • Må vere fylt 16 år, eller fylle 16 år i 2026
  • Søkarar med førarkort kl. B blir føretrekt
  • Du må kunne autoriserast føre oppstart

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), frå kr. 293 500,- - 417 600,- i brutto årleg lønn.
Søk på stillingen på Webcruiter!

Stillingsinformasjon

Sted: Bardufoss
Enhet: Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Nord
Søknadsfrist:
7 april 2026

For mer informasjon, kontakt

Jan Olav Sæter
Tittel: Områdeleiar
Telefon: 920 38 116
Søk på stillingen på Webcruiter!