Sommarjobb på Evenes
Stillingsinformasjon
Sted:
Evenes
Enhet:
Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Nord
Søknadsfrist:
9
april 2026
Forsvarsbygg på Evenes søker 2 sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til utendørs drift.
Arbeidsoppgåver vil primært vere plenklipp, kantklipp, luking i bed og andre liknande oppgåver.
Tidsrommet vil vere i perioden frå skuleslutt (slutten av juni) og til skulestart (midten av august).
Vi ønsker at du oppgir i søknaden kva periode du ønsker å jobbe.
Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar på Evenes 100 % stilling i 4 veker innanfor den oppgitte perioden. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg. Det kan vere aktuelt med arbeid ettermiddag og helg etter skulestart ved behov.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgaver
- Måling av bygningar og anlegg
- Spyling av vegar og parkeringsplassar
- Klipping av plen
- Kantklipping
- Bistå dei faste drifsteknikarar med påkommande oppgåver
Kvalifikasjoner
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Personlige egenskaper
- Må vere fylt 16 år, eller fylle 16 år i 2026.
Minst ein av de to sommarvikarane må ha førarkort kl. B - Du må kunne autoriserast til Begrensa før oppstart