Sommarjobb på Høybuktmoen
Stillingsinformasjon
Sted:
Hesseng
Enhet:
Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Nord
Søknadsfrist:
13
april 2026
Forsvarsbygg på Høybuktmoen søker sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til drift. Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere plenarbeid, skifting av ventilasjonsfilter og måling av bygg.
Vi ønskjer å tilsetje 4 personar i perioden veke 26-34.
Ver venleg å oppgi i søknaden kva for periode du kan jobbe.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden blir avtalt med den som blir leiaren din, og blir sett opp mot dine ønskje og behov.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgaver
- Reingjering og filterskift på ventilasjonsanlegg
- Målearbeid
- Plenklipping
- Registreringsarbeid innan energisparing
- Påkommande oppgåver
Kvalifikasjoner
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Personlige egenskaper
- Vi ser primært etter deg som er fylt 18 år og har førarkort kl. B
Søkjera som er fylt 16 år, eller fylle 16 i løpet av 2026 kan vurderast. - Du må kunne autoriserast før oppstart.