Illustrasjonsbilde

Om Forsvarsbygg

Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde. Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet. Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sommarjobb på Jørstadmoen

Stillingsinformasjon

Sted: Fåberg
Enhet: Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Østlandet
Søknadsfrist:
9 april 2026

Forsvarsbygg på Jørstadmoen søker 2-3 sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til utandørs drift - for eksempel klipping av plenar, rydding og liknande. 

Oppgi i søknaden kva for ei periode du ønsker å jobbe. 

Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2065 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 3- 4 veker innanfor den oppgitte perioden. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.

 

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgaver

  • Utandørs vedlikehald
  • Park og hage
  • Påkommande oppgåver 

Kvalifikasjoner

Vi ser etter deg som er:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Personlige egenskaper

  • Må vere fylt 18 år
  • Må ha førarkort kl. B
  • Må kunne autoriserast før oppstart
  • Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid

Vi tilbyr

Lønn som hjelpearbeidar (kode 1115), kr. 417 600,- i brutto årleg lønn.
Søk på stillingen på Webcruiter!

Stillingsinformasjon

Sted: Fåberg
Enhet: Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Østlandet
Søknadsfrist:
9 april 2026

For mer informasjon, kontakt

Fred Vidar Berntsen
Tittel: Områdeleiar
Telefon: 958 37 692
Søk på stillingen på Webcruiter!