Sommarjobb på Reitan
Stillingsinformasjon
Sted:
Tverlandet
Enhet:
Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Nord
Søknadsfrist:
15
april 2026
Forsvarsbygg på Reitan søkjer 4 sommarvikarar som skal arbeide med sommarvedlikehald utandørs i skuleferien.
Vi treng sommarvikarar frå skuleslutt i juni til skulestart i august.
Vi ønsker at du oppgir i søknaden kva periode du kan jobbe. Tida delast på dei 4 sommarvikarane.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Arbeid ut over oppgitte kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgaver
- Sommarvedlikehald på grøntanlegg og vegetasjonsrydding
- Målerarbeid
- Diverse driftsarbeid
Kvalifikasjoner
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Personlige egenskaper
- Du må vere fylt 16 år, eller fylle 16 år i 2026. Det e ønskjeleg at 2 av 4 er fylt 18 år.
- God orden og åtferd.
- Du må kunne autoriserast før oppstart.
Vi tilbyr
- Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), kr. 293 50 til kr. 417 600,- i brutto årleg lønn.