Sommarjobb på Rygge flystasjon og Oscarsborg
Stillingsinformasjon
Sted:
Rygge
Enhet:
Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Østlandet
Søknadsfrist:
13
april 2026
13
april 2026
Forsvarsbygg søkjer til saman 6 sesongarbeidare/ sommarvikarar til ulike oppgåver innan utandørs drift og vedlikehald på Rygge flystasjon og på Oscarsborg.
Vi treng 4 sommarvikarar til Rygge flystasjon og 2 stk til Oscarsborg i perioden 20.april til 30. september. Arbeidsoppgåvane kan eksempelvis vere plenklipp, rydding og anna førefallande oppgåver.
Vi vil gjerne at du gjer greie for kva for stilling du søker på og kva for ei periode du er interessert i å arbeide.
Sommarvikarane hos oss vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 20.04.2026 – 30.09.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgaver
- Førefallande oppgåver utandørs, som plenklipping, rydding, maling og anna påkommande arbeid.
Kvalifikasjoner
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Personlige egenskaper
- Du må vere fylt 18 år
- Du må kunne autoriserast til B føre oppstart. Les mer om autorisasjon på NSMs nettsider.
- Du må kunne jobbe minimum 4 veker
- Du må ha førarkort kl. B
- Det er ein fordel at du har erfaring frå bruk av maskinar/landbruksreiskap
- Personar som går yrkesfag oppfordrast til å søke
- Kunnskap om bruk av sitteklippar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Lønn som hjelpearbeidar (kode 1115), kr. 417 600,- i brutto årleg lønn.