Sommarjobb på Sessvollmoen og på Kjeller
Stillingsinformasjon
Sted:
Sessvollmoen
Enhet:
Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Østlandet
Søknadsfrist:
13
april 2026
Forsvarsbygg på Romerike har behov for 6 sommarvikarar til Sessvollmoen, og 1 sommarvikar til Kjeller i skuleferien.
Arbeidsoppgåver vil primært vere knytt til utandørs vedlikehald, som plenklipp, måling, rydding og anna påkommande arbeid.
Ver venleg å oppgi i søknaden kva for lokasjon til du vil jobbe og kva for periode du kan jobbe.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 3- 4 veker i skuleferien. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgaver
- Grøntarbeid og mindre driftsoppgåver
- Utandørs bygg vedlikehald som måling og skraping
- Påkommande oppgåver utandørs
Kvalifikasjoner
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Personlige egenskaper
- Må vere fylt 16 år,eller fylle 16 år i 2026
- Ønskeleg at nokre av søkarane har førarkort klasse B
- Sommarvikaren til Kjeller må vere over 18 år og ha førarkort kl. B
- Det er ein fordel om du har erfaring frå bruk av maskinar/landbruksreiskapar
- Personar som går yrkesfag blir oppfordra til å søke
- Du må kunne autoriserast før oppstart